Nye søknadar: Marine Harvest sin «Beck Cage» skal behandlast på nytt

Nyheter
1649

Fiskeridirektoratet har nyleg motteke fire nye søknadar for utviklingsløyver. Fredag, 17. november, går fristen for å søkje ut.

Blant søkjarane finn me følgjande:

  • Gigante Offshore, offshore-merd, 9 løyver (7 020 tonn)
  • Marine Harvest, Beck Cage, 6 løyver (4 680 tonn)
  • Freyer Holding, «Blandevann» vasskvalitet i open merd, 6 løyver (4 680 tonn)
  • Qed, flytende RAS-anlegg i sjø, 12 løyver (9 360 tonn)

Det utgjer 33 løyver.

Totalt har Fiskeridirektoratet no 41 søknadar inne til behandling.

Gigante, Marine Harvest og Freyer Holding har søkt i høvesvis Nordland, Sør-Trøndelag, og Rogaland, medan Bergen-selskapet Qed ikkje har oppgitt fylke.

Qed er ikkje dei einaste som har søkt om eit flytande RAS-anlegg. Albatros Technology B.V. har òg ein søknad, frå 20. mars, liggjande inne.

Sjølv har Marine Harvest allereie fått eitt avslag på Beck Cage-en. Konseptet er eit sylinderforma stålbur, som kan heavst og senkast for å hindre at laksen vert påverka av til dømes lus, alger og maneter.

Selskapet har i tillegg to andre søknadar liggjande inne.