-Manglar miljøfokus

Nyheter
372

I ein kronikk på NRK rettar biologistudent Marthe Bårdsen skarp kritikk mot Universitetet i Tromsø. Ho meina læreplanane i sjømatutdanningane er blotta for miljøproblematikk og framhevar at miljøaspektet ikkje blir vektlagt i utdanninga.

Havbruksnæringa får også sitt pass påskrive av Bårdsen. Ho hevdar mellom anna at representantar for bedriftene møter opp på Universitetet og manipulerar første års-studentane. Å stille kritiske spørsmål om miljøkonsekvensar er i fylgje Bårdsen eit karriere-sjølvmord for ein student. Sjølv skifta ho linje frå fiskehelse til biologi fordi ho ikkje fann oppdrettsbedrifter som var interessert i å finansiere mastergradsoppgåva henna. Ho hadde planlagt å skrive oppgåve om miljøkonsekvensar, men seier ikkje noko om kva problemstillinga skulle vere, og heller ikkje kva bedrifter ho har vore i kontakt med.

Ville berre ha saka på dagsorden
iLaks har også vore i kontakt med Marthe Bårdsen på telefon, men heller ikkje her vil ho snakke om kva tema innanfor fiskehelse og miljø ho ønskte å skrive masteroppgåve om, og heller ikkje kva bedrifter ho var i kontakt med for å få finansiert prosjektet.

Bårdsen seier at målet med kronikken som sto på trykk i går, var å få debatten på dagsorden, men dagen etter ønskjer ho berre å konsentrere seg om eksamen.

Dekan Edel Elvevoll er glad for at Universitetet har kritiske studentar, men ho er ikkje einig med Bårdsen når ho seier at Universitet ikkje har miljø i fokus. Foto: Kari Johanna Tveit

Unyansert framstilling
Dekan Edel Elvevoll ved Universitetet i Tromsø er glad for at studentane engasjera seg i fagleg spørsmål, men ho meina Bårdsen er unyansert når ho seier at miljø ikkje blir vektlagt i utdanninga.

– Med ei næring i vekst vil ein heile tida få nye utfordringar, og vi skal på best mogeleg måte sette studentane i ein situasjon som gjer at dei kan løyse desse utfordringane. Miljøkonsekvensar vert diskutert gjennom heile studiet, men når det er sagt, så set vi pris på kritiske studentar, dei gjer studia våre betre. Ungdommen er ein ny generasjon som ser ting på nye måtar, seier Elvevoll.

Men ho viser også til at Universitetet har hatt sjømatstudentar som jobba med konkrete problemstillingar knytt til både lakselus og rømming. I tillegg må ein hugse på at ei mastergradsoppgåve går over kort tid, og at forskingsprosjekt gjerne pågår i mange år.

Tidlegare fiskerifagstudent ved Universitetet i Tromsø Terje Antero Olsen, syns det er rart at bedriftene ikkje vil vere med å finansiere oppgaver med miljøfokus. Det er ikkje hans erfaring. Foto: Kari Johanna Tveit

Fekk støtte til oppgåve om triploid laks
Tidlegare fiskeristudent Terje Antero Olsen er ikkje einig med Bårdsen i at det er vanskeleg å få havbruksnæringa til å vere med å støtte miljøretta masteroppgåver.

-Eg skreiv om triploid laks, og resultatet vart negativt for næringa. Likevel støtta dei oppgåva mi, og bidrog til at eg fekk den levert, seier Olsen til iLaks.

Han meina studentane blir lært opp til å stille spørsmål, og dersom ein møter aktørar som tek for lett på miljøutfordringane, må dei bruke kunnskapane sine, og vere kritiske.

-Eg veit jo ikkje kva oppgåve Bårdsen har jobba med, men mi erfaring er at bedriftene gjerne vil samarbeide med studentar i arbeidet mot å løyse konkrete utfordringar. Dette har også vore styrken i mange av masteroppgåvene, seier Olsen.

Han syns det høyrest rart ut at næringa ikkje vil vere med å finansiere relevante og gode miljøoppgåver. Men dersom det skulle vere tilfelle, så meina han at Universitetet kanskje burde trå til i slike tilfelle. Han er einig med Elvevoll i at ein alltid kan bli betre på desse områda.