Lusekrisa held fram: 27 lokalitetar behandla med medikament i veke 38

Nyheter
1123

Høge temperaturar har gitt ein travel lusehaust.

Ifølgje BarentsWatch sin fiskehelsestatistikk vart det i veke 38 (17.-23. sept.) gjennomført medikanemtbehandling mot lus på 27 lokalitetar.

Det er det høgaste talet registrert so langt i år. Ein må tilbake til veke 50, (11.-17. des.) i fjor, for å finna tilsvarande tal. Då var talet oppe på 31.

I veke 38 får me ein ny lusetopp i 2018. Heile 43 lokalitetar var over lusegrensa førre veke. Det er same tal som den verste veka i fjor.

Den siste tida har iLaks skrive ei rekkje artiklar om lusetrøbbelet som brer om seg over heile landet.

I Sør-Troms vart Salaks tvinga til å slakte ut fisk som følgje av lus. I Trøndelag varsla SinkabergHansen ein haust med høgare lusepress enn i fjor.

Lenger sør, i Sogn og Fjordane, var lusesituasjonen i veke 37 den mest krevjande på fire år.

Medan 27 lokalitetar vart behandla med medikament, vart 58 lokalitetar behandla mekanisk. I 77 lokalitetar vart det sett ut reinsefisk.