Det kom fram under selskapet sin presentasjon av satsinga i Jøvika i dag.
Konsernsjef Leif Inge Nordhammer kom til Senja for å presentere prosessen rundt SalMar sitt nye settefiskanlegg .
Anlegget, som skal stå ferdig i 2017, vil ha ein produksjonskapasitet på inn til 20 millionar smolt. Dette er meir enn det selskapet har behov for i dag, men i følgje Nordhammer har SalMar stor tru på vekst i nord, difor satsar dei også stort.
– Potensialet for vekst i havbruksnæringa er størst i Troms og Finnmark, sa Nordhammer til dei frammøtte. Han rosar spesielt Tranøy kommune for god dialog og godt samarbeid gjennom prosessen.

Eit anlegg i verdsklasse
I fylgje Bjørn Hembre i SalMar er settefiskanlegget i Jøvika på Senja eit av verdas største anlegg, og dette gjev store lokale ringverknadar .
Tranøy kommune og Lenvik kommune på Senja, er dei nordnorske kommunane med størst leveransar til settefiskanlegget, men selskapet kjøper også ein del tenester frå Tromsø, Andenes, Balsfjord og Harstad.
Mange tilsette i byggeperioden
I byggeperioden er det til ei kvar tid i overkant av 60 personar som jobbar på anlegget. Dette har gjeve utfordringar når det gjeld losji. Det var berre plass til 20 personar på brakkeriggen, så 45 personar måtte innlosjerast privat i Tranøy.
– Det var ei utfordring, men vi vi har fått god hjelp av lokalbefolkninga , og kom i mål til slutt, seier Bjørn Hembre i SalMar. Han trur ikkje det er mange hyblar å oppdrive i Tranøy no for tida.
Framtidig slakteri
Mange i Midt-Troms lurer på om SalMar også vil bygge eit eventuelt nytt slakteri i denne regionen, men det vil ikkje Nordhammer sei så veldig mykje om.
– Sånn i utgangspunktet må dei får opp produksjonen av matfisk for å kunne gjere ei så stor investering som eit moderne slakteri faktisk er.
