Landøy Fiskeoppdrett med tidenes resultat

Nyheter
797

Askvoll-oppdrettaren med solid 2017-resultat.

Det familieeigde selskapet omsatte for 113 millionar kroner i 2017.

Selskapet endte med ein EBIT på 45 millionar kroner. Det er opp 11 prosent frå i fjor.

Etter eit svakt år i 2015, har Landøy Fiskeoppdrett slått tilbake med to sterke år på rad. I 2016 fekk dei ein EBIT på 39,9 millionar kroner.

Selskapet held til på Værlandet i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Dei har tre konsesjonar, og åtte tilsette.

Dagleg leiar er Roar Landøy, som eig selskapet saman med Helge, Roar, og Kjell Landøy.