Lakselus og medisinbruk

Meninger
1454

iLaks hadde 09.05 eit interessant intervju med Michal Nieser i Sulefisk. Endelig er det nokon i bransjen som klart uttaler det som for mange av oss har vore eit merkeleg paradoks:

Ei kolsviar tru både innanfor næringa og i forvaltninga på at ein skulle kunne klare seg utan effektive medikament i kontroll med lakselus, enten det er som ein skadegjerer i oppdrett eller som ein potensiell skadegjerar på ville laksefisk populasjonar.

Les også: – Å si kategorisk nei til medisinbruk og utvikling mot lakselus kan fort bli et mareritt

Diskusjonen rundt problemstillinga: «Korleis oppretthalde effekt av medikament mot lakselus» , har så langt eg har kunna følgt med vore forbausande fråverande.

Enten vi snakkar om korn, svin, bomull, beitedyr som sau , oppdrettslaks eller annan intensiv biologisk produksjon har det lenge vore klart at det å bevare effektive medikament mot skadegjerar som ugras, insekt, innvendige og utvendige parasitter, er avhengige av såkalla refugiepopulasjonar som fungerer som fortynningssentralar ved ny inn smitting etter at ein dyreflokk eller eit kornareal er blitt behandla med medikament.

Det ideelle er dersom det i økosystemet utanfor den behandla populasjonen finnes populasjonar av skadegjerar som ikkje blir utsette for aktuelt medikament og dermed kan stå for ny inn smittinga etter at behandling er gjennomført.

Eksempel på dette er flått på sau.

Årlig behandlar mange sauebønder lamma sine opptil fleire gonger i løpet av vår og sommar med pyretroider (tilsvarande alfa/beta maks). Dette har dei gjerne gjort i opptil 30 år utan at det i Norge er påvist resistens mot pyretroider hos flått.

Hovudgrunnen til dette er trulig at det i sauene sine beiteområder er rikeleg med andre verter for flåtten (gnagarar, hjort, fugl) og at det er avkom av flått på desse dyra som står for det vesentlege av ny inn smittinga av lamma etter at dei er behandla.

Det er diverre sjeldan at situasjonen er slik og for laks og lakselus er den definitivt ikkje slik.

I slike høve må ein sikre seg at ein i den intensive biologiske produksjonen sikrar seg sine eigne refugiepopulasjonar.

I mange samanhengar blir dette gjort ved at ein aldri behandlar ein heil populasjon (ein dyreflokk, eit kornareal, eit engstykke osv) samtidig med medikament. Gjerne opptil 20% av populasjonen/ arealet blir ubehandla for å sikre at nye skadegjerar som etablerer seg etter behandling i det vesentlege er rekrutterte frå populasjonar av skadegjerar som ikkje er utsett for eit såkalla medikamentelt seleksjonstrykk (medikamentell behandling). Utfordringa med ein slik strategi i lakseoppdrett vil vere å definere populasjonar (lokaliteter/område) som i det aktuelle tidsrom for behandling kan sjåast på som i det vesentlege ein lusepopulasjon. Dette vil sjølvsagt variere frå område til område og frå tidsrom til tidsrom, men betre modellverktøy og tolking av lusetall i lokalitet og område vil forhåpentleg etter kvart gjere ein slik strategi meir aktuell.

I lakseoppdrett vil det i tillegg forhåpentlegvis vera mange lokalitetar/områder som kan greie å gjennomføre produksjonssyklusar utan bruk av medikament. Eksempel her er Marin Harvest i Agder. Truleg kan og etter kvart ein kombinasjon av forkorta produksjonstid i sjø og ikkje medikamentelle teknikkar, gje eit tilskot av laksepopulasjonar med lakselus som ikkje er utsett for medikamentelt seleksjonstrykk. Sentralt her kan vere stor fisk utsett på våren og slakta innan februar neste år. Slike grupper/lokaliteter bør i det vesentlege kunne handtere lus med ikkje medikamentelle metodar og bør kunne få anledning til å ha ein del lus og smitteproduksjon i perioden november og ut februar. Ein smitte som kan ha viktig fortynningseffekt for lokaliteter som må gjennomføre vinter/vår avlusing med tanke på utvandrande villfisk.

Men for hovudtyngda av den merdbaserte produksjonen av laksefisk vil dette i næraste framtid neppe være nok, så framover vil det være sentralt å diskutere følgjande.

Kvar og når vil det være sentralt å ha lavt smittepress? Kor lavt smittepress er nødvendig i forhold til utvandrande villfisk og kvar og når kan det vere råd å ha høgare lusetall (medikamentelt ubehandla lakselus) i anlegga? Slik at denne type lakselus (refugielus) kan produsere ein stor del av den smitten som slår seg ned på laks i anlegg /merder som er blitt behandla og utan at denne smittemengda får populasjon/bestands negative effektar på ville populasjonar.

I mitt hovud må ein fortast råd komme bort frå den rådane forvaltninga basert på gjennomsnittlege luse tall i anlegga over alt og til alle tider. Dette er ei oppskrift på multiresistens og som ein diverre har lukkast svært godt med.

Det fører meg over til neste problemstilling i forhold til medikamentbruk og resistens.

Eg har siste åra vore engasjert i firmaet AS Bolaks i eit prosjekt som har hatt tittelen Refugielokalitar.

Hovudhensikta i prosjektet har vore todelt

  1. Er det råd via poding med følsom lus (copepodittar) å tilføre nye gener som kunne fortynna ein resistenssituasjon som i Hordaland (og truleg for største delen av kysten) var/er svært alarmerande.Basert på frekvensanalyser av resistensgen for pyretroider , organofosforinsekticider (salmosan) og emamectin (slice) var situasjonen vinteren 2014 at det mest ikkje var lus att som var fult følsom for desse medikament.
  2. Kva kunnskap om smittedynamikk i eit område er sentral for å lukkast med å ha nok refugielus i perioden desember til april for å kunne fortynne eit medikamentbruk (vinter/våravlusing) i hovudtyngda av fisken som skal stå i anlegga i perioden mai – juni.

Det føreligg ikkje endelege konklusjonar (og det kjem det ikkje til å gjera heller) på problemstillingane, men eg er overtydd om at dette er problemstillingar som blir heilt sentrale å ha stort fokus på framover for eg er heilt einig med det synspunktet som Nieser legg fram.

Skal merdbasert oppdrett av laksefisk med det omfanget det har i dag ha ei framtid, er ein heilt avhengig av å ha tilgang på effektive medikament. Då kjem ein ikkje utanom å få opp eit kunnskapsgrunnlag/forvaltningsmodell som gjer det mulig å ha tilgang på nok refugiepopulasjonar av lakselus i oppdrettsanlegga som sikrar ei forsvarlig fortynning av den medikamentbruken ein til ei kvar tid er avhengig av .