Låg omsetnad for pioneráne innan lukka merd, men Ecomerden kan ha fått sitt gjennombrot

Nyheter
779

Aquafarm Equipment og Ecomerden er tydeleg på at ordninga med utviklingsløyver har bremsa utviklinga. No er dei meir positive.

– Det har ikkje eksplodert, men det er i ferd med å skje noko, seier dagleg leiar i Ecomerden, Jan Erik Kyrkjebø, til iLaks.

– Selskapet vårt er i ein gunstig posisjon, seier dagleg leiar i Aquafarm Equipment, Egil Bergersen.

Jobbar for ytterlegare sal
Ein gjennomgang av selskap som tilbyr lukka merdar til oppdrettsnæringa viser at omsetnaden er lav, og marginane låge.

Haugesund-baserte Aquafarm Equipment omsatte for 4,6 millionar kroner i fjor, og fekk ein EBIT på minus 580.000 kroner.

– Me jobbar kontinuerleg med kundar for å få ytterlegare sal. Me har veldig god dialog med Marine Harvest, seier Bergersen til iLaks.

Kyrkjebø i Ecomerden fortel til iLaks at dei har budsjettert med tre merdar i år, som vil gi ein omsetnad på 40-50 millionar kroner.

– No legg me opp logistikken til at me kan produsere éin merd på to månadar. Det gir ei effektiv leveringstid på tre månadar, seier han vidare.

Kommersielle sal forseinka som følgje av utviklingsløyver
Aquafarm Equipment fekk i oktober 2017 avslag på sin søknad om utviklingsløyve, til trass for at dei gjennom EU-programmet «Horisont 2020» hadde fått tildelt 18 millionar kroner. Vedtaket er klaga på.

Lukka merd frå Aquafarm Equipment. Arkivfoto.

– Det er sjølvsagt gunstig for oss å få utviklingskonsesjonar, sjølv om Aquafarm Equipment står på eigne bein, då utviklingskonsesjonen vil liggja i eit dotterselskap eigd saman med Aquatic Concept Group. Men ting kan tyda på at utviklingskonsesjonane har forseinka kommersielle sal hos oss, ved at oppdrettarar avventar eigne søknadar og prosjekt før dei går eksternt, seier Bergersen.

Dette seier Kyrkjebø seg einig i.

– Det er akkurat det som har skjedd. No som dei får nei og avslag, skjer det noko.

Bergersen legg til:

– Det skjer mykje positivt. Me har ei jamn inntekt frå anlegget me leiger ut til Marine Harvest i tillegg til EU-midlane. Det skjer òg stor aktivitet i postsmoltsegmentet for tida.

Ecomerden vart sett saman ved Noryards i Bergen. No står den hos Sulefisk i Solund.

– Solide eigarar
Bergersen overtok nyleg som dagleg leiar i selskapet, etter at Atle Presthaug har trappa ned rolla si. Bergersen kom inn samstundes som Westcon overtok 34,22 prosent av aksjane i selskapet.

– Me har no solide eigarar og finansiering frå EU og kommersiell drift. Mellom anna har Westcon-konsernet komen inn på eigarsida. Me har òg utvida selskapet med salssjef og ny dagleg leiar i løpet av 2018, seier Bergersen.

Gode resultat i Ecomerden
– Me har fått veldig gode tal, utan lus, høg overleving, og låg fôrfaktor. Årsaka til det er at fisken får optimal driftsforhold utan at den vert fysisk handtert. Det gir resultat fordi ein kan konsentrere seg meir om røktinga, seier Kyrkjebø om Ecomerden.

Selskapet tilbyr no to ulike variantar av Ecomerden.

– Eg trur at oppdrettarane ser moglegheitene med ein driftsform der ein har lukka i første fase og open merd i siste fase. Det ser meir kostnadseffektivt og enkelt ut enn å bygge på land. Då snakkar eg om postmsolt på opp til ett kilo. Me leverer store merdar som tek éin MTB, seier han.

Tøft for Niri
iLaks’ søsteravis Salmon Business rapporterte førre veke at Måløy-baserte Niri har tapt store pengar sidan oppstart i 2006, og gjekk 4,56 millionar kroner i minus i 2017.

Arve Gravdal, ved Niri sitt anlegg i Machrihanish i Skottland.

Salmon Business forsøkte ved fleire høver å få kontakt med selskapet, utan å lukkast. Måndag denne veka, seks dagar etter publisering, sendte dei ein e-post, kor dei forklarte situasjonen.

«Utviklinga har teke tid og har kosta pengar, og Niri har investert i dei beløpa som står spesifisert i artikkelen. Teknologien er no moden og vert nytta på det første fullskalla kommersielle anlegget i Måløy, kor bygginga vil starte i haust. Investeringane er henta frå langvarige investorar, og selskapet har ingen uteståande gjeld», står det i e-posten signert styreleiar Trond Inge Kvernevik, styremedlem Ian McIntyre og tidlegare styremedlem av Niri Scotland, Gordon Boyle.

Niri har no selt dotterselskapet Niri Scotland.

«Piloten vart driven i to år, kor smolten vaks medan me testa teknologien. Det var verdifull læring for oss, og resultata vart kommunisert tilbake til Måløy for å vidareutvikle teknologien», står det vidare.