Kveiteoppdrettar i minus for fjerde år på rad

Nyheter
816

Sogn Aqua fekk eit resultat før skatt på over tre millionar kroner i minus.

Rekordomsetjing til trass, Sogn Aqua held fram å tape pengar på kveiteoppdrett, som dei har drive med sidan 2009.

Selskapet er i ferd med å realisere verdas største kveiteanlegg på land. I 2016 starta dei etablering av eit nytt anlegg i Ortnevik, og i fjor lanserte dei planar om å bygge sin fjerde lokalitet – på Ortneset.

På sikt satsar Sogn Aqua på å produsere 4.000 tonn kveite årleg, på totalt meir enn 50.000 m2 produksjonsareal.

iLaks har ikkje lukkast å få tak i dagleg leiar Jan Arne Brekke. Han sa til iLaks i fjor at dei ikkje ventar gode tal på eit par år, og at det er krevjande å drive både produksjon og utviding samstundes.