– Kundane ynskjer ikkje å skrive kontrakt på hybridbåtar fordi dei har hatt utfordringar

Nyheter
1885

Men også Sølvtrans jobbar med hybridbåtar.

– Eg har god tru på at slike ting, utan å gå lengre inn på ka me jobbar med, seier administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk, til iLaks.

Kutter utslepp
Måndag vart det kjent at Rostein vil bygge ein hybrid brønnbåt til ein prislapp på mellom 350 og 400 millionar kroner.

I februar annonserte Nordlaks at dei har kontrahert ein hybrid brønnbåt som skal kunne redusere CO₂- og NOx-utslepp med høvesvis 30 og 90 prosent.

Få støtteordningar
Til iLaks fortel Halsebakk at òg dei jobbar med eit hybrid-konsept, utan at han ynskjer å gå ut med detaljar.

– Det har me jobba med, men utover det har eg ikkje lyst til kommentere noko, seier Halsebakk.

– Me har jobba me det lenge. Det som har vore utfordringane med gass, batteri og slike løysingar tidlegare er at det har vore ganske få støtteordninga til det. Men eg forstår det har vorte betre i det siste.

Kven blir først?
– Sølvtrans har ikkje fått nokon i marknaden til å vere med og betale for så store investeringar. Det er grunnen til at me ikkje har gjort det enno, seier han.

Til iLaks sa viseadministrerande direktør i Rostein, Glen Bradley, til iLaks at det blir ein kamp mellom Rostein og Nordlaks om kven som kjem først ut med hybrid brønnbåt.

I fleire år har likevel ferjer som MF «Folgefonn» hatt batteripakke installert for hybrid-drift. For halvanna år sidan kom òg SalMar med sin første el-båt, «Elfrida», som det ikkje har gått knirkefritt med.

Utfordringar
Det har òg Halsebakk registrert.

– Det er jo det som er haka ved dette. Me opplever at kundane ikkje ynskjer å skrive kontrakt på slike båtar fordi dei har vist seg å ha utfordringar. Det er risikoar på drifta som dei ikkje har høve til å ta. Fisken skal fraktast inn, fordi den allereie er selt, seier han, men presiserer:

– Dette er kombinasjonløysingar – og ikkje heilt reine batteripakkar.