– Krava til notstyrke er god nok, seier Fiskeridirektoratet

Nyheter
671

Rømt oppdrettslaks skuldast ofte rift, eller hol, i not. Likevel meiner Fiskeridirektoratet at krava til notlinstyrke i NS 9415 er gode nok.

Ved månadskiftet januar/februar kunne ein lesa om fire rømmingar på Vestlandet. Sulefisk, Lerøy, Flokenes og Bolaks hadde alle fire ulike hendingar i løpet av ein kort periode.

Felles for alle var hol i nota. Leni Marie Lisæter i Fiskeridirektoratet gav sa at nye, og til dels ukjende, avlusingsoperasjonar er ein del av årsaka.

Erlend Hopsdal Skjetne. FOTO: Privat.

Les også: Fire rømminger på Vestlandet

– Standarden er god nok
Er krava til notlinstyrke strenge nok?

– Prinsipielt så meiner me at standarden er god nok for å ivareta nylonnøter. Me meiner at hol i nøter ikkje naudsynlegvis har så mykje med krava til styrke på notlinet å gjere, seier Erlend Hopsdal Skjetne i Fiskeridirektoratet.

Han er rådgjevar i tilsynsseksjonen i kyst- og havbruksavdelinga, og har ansvar for tekniske problemstillingar innanfor akvakultur.

Utvikling i material
Utstyrsleverandørar produserer notlin i Dyneema-filament. Teknisk leiar i Egersund Net, Ove Veivåg, fortel at dei produserer nøter som overgår krava i NS 9415.

– Det har skjedd ei stor utvikling i nøter med anna material enn nylon. Krava som i dagens standard er basert på ein gamal standard for nylonnøter – så krava ein stiller er ikkje like gode for å ivareta nøter av andre typar material, seier han vidare.

Kva med å heve krava til notlin?

– Det hadde nok ikkje skada med tanke på hol i nøter, men me trur ikkje problemet ligg i sjølve notposane. Det er det at ulikt utstyr kjem i konflikt med nota, seier Hopsdal Skjetne.

Empiri
«Dimensjonering av notposer har tradisjonelt vært empirisk design» heiter det i NS 9415. Empirien viser likevel at notposane revnar, og fisk rømmer.

Hopsdal Skjetne meiner likevel at det skal mykje til for å gardere seg mot så store krefter.

– Å dimensjonere nøter for å tola gnag og riving frå ei botnringskjetting som er festa til ein botnring på mange tonn, og beveger seg ulikt frå nota, er ikkje realistisk. Då er det så mykje krefter i sving at det vert ei ekstremt dyr not, og som ikkje naudsynlegvis er funksjonell heller.

Ei arbeidsgruppe driv no og reviderer med NS 9415. Det vil ikkje koma revolusjonerande endringar, men det vil bli sett meir fokus på prosjektering av anlegg i høve nytt utstyr for å unngå konflikt med notposane.

– Me held på med revisjonen no, og der me jobbar me no for å opne opp for fleire typar material, seier han vidare.

Ove Veivåg i Egersund Net.

Ekstrautstyr
I fjor kom SINTEF Ocean med ein rapport om alle innrapporterte rømmingar frå 2010 til 2016. Den viste at hol i not er ein direkte årsak til rømming over 3/4 av det totale mengda innrapportert rømt fisk.

– Men utspiling- og daudfisksystem er medverkande årsak til over halvparten av rømmingane. Det vil seie at konflikt mellom notpose og desse to typane ekstrautstyr har ført til over halvparten av rømt fisk. Difor er det viktig for oss å påpeike at prosjektering av anlegg – slik at ein unngår konflikt mellom notpose og ekstrautstyr – er viktig.

– Utstyret i dag er ikkje dårleg. Sterkare nøter vil ikkje naudsynlegvis gardere oss mot rømming, seier Veivåg i Egersund Net.