Kraftig vekst i ringverknadane frå sjømatnæringa

Nyheter
1577

Tysdag kveld skriv NRK om ein ny Sintef-rapport som viser auka verdiskapning i selskap som leverer teknologi og service til sjømatnæringa.

I ein fersk Sintef-rapport vert det fastslått at sjømatnæringa sysselset om lag 21.400 årsverk i Norge. Sidan 2004 har dei økonomiske ringverknadane av sjømatnæringa meir enn dobla seg.

– Der oljenæringa no ser ut til å tape litt arbeidsplassar, vert det skapa i tilsvarande grad i fiskeri- og havbruksnæringa, seier Tore Håkon Riple, leiar for arbeidsutvalet for teknologi og service i bransjeforeininga Sjømat Norge, til NRK.

Det er Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond som har finansiert rapporten. Sintef-forskarane fastslår at verdiskapninga frå leverandørane er betydeleg, aukande, og svært viktig for mange lokalsamfunn frå Finnmark til Austlandet.

Vidare påpeiker dei at midlar til teknologiutvikling er viktig for å ta ut potensialet i auka eksport.

– Det er gledeleg å sjå den rapporten i dag, og få bekrefta at sjømatnæringa – både innanfor havbruk, fiskeri og industri – gir stor avkastning til lokalsamfunna og trygge arbeidsplassar, seier fiskeriminister Per Sandberg til NRK.