Karen (25) brenn for fiskehelse og omdømme. No vil ho opp og fram i næringa

3326

Karen Kirstine Østerhus representerer «den nye generasjonen» oppdrettarar. Allereie før studieslutt har sørlendingen sikra seg jobb i Europharma.

Ho kjem frå den vesle, idylliske, kystbyen Lillesand i Aust-Agder, og visste eigentleg ikkje kva ho ville etter vidaregåande skule. Som 23-åring byrja ho på veterinærstudiet på Nord Universitet, før ho fekk augene opp for havbruk og bytta studie til Havbruksdrift og ledelse.

Drøymer om toppjobb
– Eg har ingen spesifikk plan. Eg tykkjer det er viktig å ikkje låse seg til ei retning. Eg har eit mål om å kome meg opp og fram – og på lang sikt drøymer eg om ein toppjobb. Kvar vegen går for å kome dit, det veit ein jo ikkje, seier Østerhus til iLaks.

Førre veke skreiv iLaks ei rekke artiklar om kjønnsbalansen i toppen av norsk oppdrett. Det er ikkje noko som uroa Østerhus.

– Eg har aldri tenkt at det å vere kvinne er avgrensande. Det har aldri vore eit tema for meg. Hadde eg kjent på det, hadde eg nok tenkt det var noko å kjempe for, seier ho.

Saka held fram under biletet.

Karen Kirstine Østerhus, her poserande med «Tyee», den nye store merkevara til King Salmon. FOTO: Privat.

Rett i jobb
Per dags dato er 25-åringen i praksis hos King Salmon i New Zealand, medan ho skriv ferdig bacheloroppgåva si. Når den er ferdiglevert, skal ho direkte i jobb hos fiskehelseselskapet Europharma, kor ho går inn i den nyoppretta stillinga kundeansvarleg havbruk.

– Europharma er innovative, og jobbar hardt for å få riktig fokus på næringa sitt omdømme.

Og det er nettopp dét ho brenn for.

– Me må informere om kva oppdrettsnæringa eigentleg står for. Det brenn eg for. Eg har jobba ein del for universitetet, og fakultetet, og har halde foredrag om kva moglegheiter som ligg i oppdrett. Det har vore veldig gøy, seier ho.

Ved sidan av studiene har ho vore både nestleiar og leiar for Havets Døgn, i tillegg leia Nordlandsturneen for Nord universitet.

Vil bekjempe sjukdommar
Ho byrja først på veterinærstudiet, og har lang fartstid i fleire leiarstillingar i Dyreparken i Kristiansand. Den flittige studenten har òg eit stort engasjement for fiskehelse og kva som er forsvarleg oppdrett av levande dyr.

– Eg engasjerer meg for tiltak mot parasittar, virus- og bakteriesjukdommar. Utan god fiskevelferd, får me ingen vekst. Det er heilt essensielt, seier ho.

– Alt er veldig interessant. Fiskens biologi i seg sjølv er veldig spanande. Det som fatta interessa mi i byrjinga var kor enkelt det er å manipulere fisken. Eg ville lære meir kva dette eigentleg dreide seg om. Kva er det eigentleg som skjer i framtida, det tykkjer eg er interessant å sjå på, legg ho til.

Saka held fram under biletet.

– Det er i nord det skjer, var bodskapen til Karen Kirstine Østerhus i dette foredraget. FOTO: Christl Karoline Ellingsen

Utradisjonell oppdrettsbakgrunn
Ho tek likevel ein heilt annleis veg inn i næringa enn det generasjonane før ho gjorde. Ho er sørlending, har ingen bakgrunn frå oppdrett, og er blant generasjonen med stadig fleire kvinner som vil inn i næringa.

– På denne måten kjem eg meg opp og fram på ein annan måte. Eg går ikkje her for å ta over familieverksemda, eller å gå rett ut på merdkanten.

– Eg byrja eigentleg på veterinærstudiet, og visste absolutt ingenting om havbruk eller fiskeoppdrett, så det var heilt tilfeldig.

Er det ein fordel eller ei ulempe?

– Begge deler. Ein ser næringa med nye auger. Det har definitivt sine fordeler, samstundes som det sjølvsagt er mykje ein ikkje kan. Det er difor me heldigvis skal ut i praksis, seier ho.

– Innovativ næring
Med dei «nye augene» har ho etter tre år med studier, og no praksis i King Salmon, fått sett litt av kvart. På spørsmål om kva som har overraska ho, er ho ikkje i tvil.

– Om eg skal plukke ut éin ting så må eg seie fokuset på å bli betre, endre seg og å vere innovative. Det er ei næring som er veldig i vinden og som ynskjer å betra seg, for å ha moglegheiter til å veksa. Det er det som gjer havbruksnæringa så spanande og attraktiv for oss unge, seier ho.

– Me er andregangsoppdrettarar. Det er vår oppgåve å fortelje om korleis oppdrett faktisk føregår. Endringa i oppdrettsnæringa er så stor frå år til år, så berre det å gå 10-15 år tilbake i tid…ein kan nesten ikkje relatere til det lenger, seier 25-åringen.

Saka held fram under biletet.

Karen Kirstine Østerhus. FOTO: Havets Døgn.

Fleire kvinner
Ørjan Hagen, førsteamanuensis og studieprogramansvarleg for Havbruksdrift og ledelse på Nord universitet, sa til iLaks førre veke at det kjem fleire og fleire kvinner til studiet i Bodø. Han fortel at studiet nærmar seg ei 50-50-kjønnsfordeling.

– Det er utruleg bra. Det er jo gjerne slik at kvinner og menn ser ting på litt forskjellige måtar. Me har våre styrkar på kvar våre sider. Det vil nok ha stor positiv påverknad, seier ho avslutningsvis.

– Gjennom desse åra har eg utelukkande opplevd positivitet rundt det å vere kvinne i møte med næringslivet. Det er enno ei ung næring som er på leit etter mange kloke hovud og nyutdanna arbeidskraft som kan vere med og løyse dei store spørsmåla. Det er ei næring for alle, seier ho avslutningsvis.