Kan samarbeid mellom ulike aktørar gjere havbruk meir attraktivt?

Nyheter
0

Det er mykje snakk om å byggje ut havvind rundt omkring i Noreg sine hav, men kvifor kan ein ikkje byggje oppdrettsanlegg saman med disse anlegga.

Det å kunne samkopla fiskeopdrett med slike anlegg vil kunne gjere at ein kan bruke mykje av dei same ressursene, som trengst for å vedlikehalda anlegga allereie.

– Marin flerbruk er felles bruk av ressurser i umiddelbar geografisk nærhet av enten ein enkelt brukar eller flere partnere, fortel Bela H. Buck, professor ved AWI på North Atlantic Seafood Forum.

Bruk av sjøen i dag er bergrensa, fordi det er svært mange aktørar som ynskjer å være tilstade. Det er alt frå oljefelt til havvind, dette gjer at det kan bli trangt på sjøen for mange i framtida vist ein ikkje vil fylle heile havet.

– I havet er det mange, som ynskjer å få plass til sine prosjekt, men vist ein ikkje samarbeider så kan det bli trangt om plassen på sjøen, forteller Buck.

Gjennom eit slikt samarbeid vil ein kunne minimalisere bruken av områder, gjere det lettere å drive vedlikehald, og bruke strukturer, som ville vert der uansett. Eit av problema i dag med slike systemer er at dei ikkje er ferdig regulert, og regler i ein sektor kan kome i vegen for samarbeid.