Jon Olav Ødegård blir ny administrerende direktør i Hofseth BioCare

Nyheter
0

Roger Hofseth trekker seg.

Økonomidirektør Jon Olav Ødegård tiltrer med verknad frå 1. august i rolla som administrerande direktør. Ødegård har over ni år med leiarerfaring i bioteknologibransjen. Før han byrja i Hofseth BioCare i 2013, var Ødegård administrerande direktør i Sparebank 1 Finans. Han har tidlegare hatt leiande stillingar innan bank og rådgiving. Vidare har han fleire styreverv i konsernet som Hofseth BioCare er ein del av og eksternt i selskap som Aqua Bio Technology.

– Jon har lang erfaring som leiar i bransjen med ei dokumentert merittliste. Han kjenner selskapet innanfrå og er definitivt den rette personen til å fortsetja oppdraget vårt om å utforska det medisinske og farmasøytiske området. Hofseth BioCare har nådd ein kritisk fase, og krev 100 prosent fokus. Styret er overtydd om at Jon vil vera den rette personen til å leia og fortsetja å utvikla Hofseth BioCare inn i denne fasen og den nylege aksjekapitalutvidinga sikrar nødvendig finansiering for framleis utvikling», seier styreleiar i Hofseth BioCare, Kristin Grung, i ei pressemelding.

– Eg er veldig glad for å ta på meg rolla som administrerande direktør i selskapet og ser fram til å samarbeida med styret og teamet for å fortsetja utviklinga med å utvikla dei ernæringsmessige kvalitetslipida våre, protein og kalsium frå fersk lakseavskjer, så vel som hydrolyseprosessen gjennom vidare klinisk utvikling og til slutt til pasientane vi trur vil ha nytte av dei, fortel Ødegård.

Roger Hofseth vil endra engasjementet hans i selskapet til styremedlem, og fortsetja å fungera som administrerande direktør i Hofseth International.

Avtroppande administrerende direktør Roger Hofseth. FOTO: Hofseth BioCare

– Styret vil takka Roger Hofseth for arbeidet hans med å bygga selskapet sidan starten i 2009. Roger har spelt ei avgjerande rolle i etableringa av Hofseth BioCare som leverandør av høgverdige ingrediensar og ferdigprodukt til ernæringsmarknaden og det sterke engasjementet hans i Hofseth International har sikra eksklusiv langsiktig tilgang til fersk lakseavskjer, noko som gir Hofseth BioCare eit konkurransefortrinn, fortset Grung.

– Eg har hatt stor glede av mine siste fem år som administrerande direktør i Hofseth BioCare. Etter kvart som selskapet går gjennom dei spennande neste stega parallelt med den sterke og særs positive utviklinga i Hofseth International, som vil vera av stor tyding for Hofseth BioCare framover er det ei naturleg tid for meg å overlata selskapet til Jon som kan konsentrera meg fullt ut om selskapet sin vidare utvikling. Eg kan då konsentrera meg fullt ut om å sikra store mengder fersk lakseavskjer frå verksemda vår i Hofseth International. Eg vil likevel, bli med i styret viss generalforsamlinga utnemner meg, seier Hofseth.