Inst i Oyndarfjørður held Marine Harvest si minste avdeling til: Produserte knapt 6.000 tonn laks i fjor

Nyheter
1385

Drygt 30 år etter etablering av Laxá, står færøyingane med 1,6 prosent av Marine Harvest sin produksjon i 2017.

Ein knapp times køyretur frå hovudstaden Tórshavn, kor administrerande direktør Hans Jákup Mikkelsen er busett, finn me Marine Harvest sitt smoltanlegg i Oyndarfjørður.

Vil opp på 12-13.000 tonn årleg
Setjefiskanlegget vart etablert i 1985, då selskapet heitt Laxá. På slutten av 1990-talet vart dei, saman med tre matfiskprodusentar på Færøyane, kjøpt opp av Pan Fish. I 2007 bytta selskapet namn til Marine Harvest, eitt år etter at Pan Fish hadde kjøpt verdas største oppdrettsselskap.

Smolt på Marine Harvest sitt anlegg i Oyndarfjørður på Færøyane. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Me heiter stadig Laxá. No produserer me om lag 7.000 tonn laks, men med den nye smoltutbyggjinga skal me opp på 10.000 tonn årleg. På sikt ynskjer me å produsere 12-13.000 tonn, seier Mikkelsen til iLaks.

Han har vore tilsett i Marine Harvest Færøyane sidan 2007, og har vore direktør sidan 2012. Før det jobba han med sal og marknadsføring av laks.

Sleit med omdømmet
Han, med resten av oppdrettarane på den vesle øygruppa ytst i havgapet, er stinn av sjølvtillit. Slik har det likevel ikkje alltid vore.

– Me hadde eit dårleg omdømme før. Folk såg på færøysk laks som mjuk, og med dårlegare kvalitet. All stressen som vart påført fisken var årsaka til det, seier Mikkelsen, som har vore i næringa sidan 1988.

Tidleg på 1990-talet vart i tillegg Færøyane råka av ei stor økonomisk krise.

– Det eg hugsar godt er då heile Færøyane gjekk konkurs i 1993. Ti prosent av befolkninga flytta, men eg studerte i København då, så sjølv merka eg det ikkje like godt, seier han.

Saka held fram under biletet.

Hans Jákup Mikkelsen, administrerande direktør for Marine Harvest på Færøyane. FOTO: Ole Alexander Saue.

ILA-krisa i 2003 sit òg ferskt i minnet til sjefen.

– Mange flinke folk måtte forlate bransjen. Det var synd, legg han til.

– Deilig oppleving
I dag har færøysk laks ein betydeleg prispremie, men dei står ikkje for meir enn to-tre prosent av verdas lakseproduksjon.

– Det som skjedde i 2009 og 2010 var at me plutseleg såg at det er nokon som ynskjer vår laks. Det er folk som verdset denne laksen, og som ynskjer å betale ekstra for den, seier han, og peiker spesielt på USA.

– Eg hugsar det som fantastisk, seier han vidare.

– Me produserer ikkje så mykje, så det er ikkje så mange som har tilgang til vår laks. Kunden skal vere glad for å få lov til å jobbe med vår laks. Slik skal det vere, og slik er det i dag. På 90-talet var det slik: «kan ikkje de ta laksen vår?» «ok, om eg får den 1,50,-/kg billegare enn norsk laks». Det fekk me endra på, og det var ei deilig oppleving. Plutselig vart me stolt av de me gjorde.

Marine Harvest sitt smoltanlegg i Oyndarfjørður på Færøyane. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Utviklinga har bremsa
I januar skreiv iLaks at Færøyane smadrar Norge i lakseproduksjon-samanlikning, basert på tal frå analyseselskapet Kontali. Rapporten var klar: Den veks raskare, dei får 2-3 kroner meir per kilo, dei har lågare dødelegheit, mindre sjukdom og lusekostnadane er lågare.

– Utviklinga har bremsa. Den er ikkje så god som den har vore – på grunn av lus. Den er utfordringa, seier han, og legg til:

– Me har ikkje sjukdom – bank i boret. ILA kan kome igjen, PD har me ikkje sett enno – men den kan òg koma. Lusa er meir resistent her enn i Norge, og det gjer at ein ikkje kan nytte kjemikalier.