ILA kan skape rogn-flaskehals

Nyheter
2821

På eit halvår har tre ulike stamfiskanlegg fått anten påvist, eller mistanke, om ILA.

Det var i romjula at det vart rapportert om mistanke om infeksiøs lakseanemi (ILA) ved Profunda sin landlokalitet, 10183 Barstadvik, i Ørsta kommune.

Berre nokre veker før vart det stadfesta ILA-virus i stamfiskanlegget til SalMar i Rauma kommune. I sommar vart det påvist ILA hos AquaGen Tingvoll.

– Kan bli ei problemstilling
Påverkar dette AquaGen sin eksport til land som, til dømes, Skottland?

– Me har funne ei anna løysing. Me mista eksportløyvet til Skottland, og fann ei anna løysing med ein samarbeidspartner med leveransane til Skottland i år. Me kjem tilbake med leveranse til Skottland midt i 2018, seier Nina Santi i AquaGen til iLaks.

Tre ILA-saker på eit halvt år. Kan dette true rognleveransen til utlandet?

– Ja, ein må ha eit spesielt løyve for eit område som er historisk fritt for ILA eller har vore under overvakning i to år. Fleire anlegg har slik status eller er på veg til å få det. Dersom det blir altfor mange som mistar det sertifikatet kan det bli ei problemstilling, seier ho.

Alternativ løysning
Likevel verkar både SalMar og AquaGen å ha kontroll på både planlagt produksjon og forenta levering.

– Me har erstatningsrogn tilgjengeleg, så det går sin gang. Me må ta i bruk alternativ rogn, så fordelinga vert annleis, seier Olav-Andreas Ervik, konserndirektør oppdrett i SalMar, som eig anlegget i Rauma, til iLaks.

Det same seier Santi i AquaGen.

– Me la om, me har god sikring på produksjonen og legg om etter produksjonsplanane etter det som skjedde i sommar. Me har levert og hatt rikeleg med rogn på lager denne sesongen, seier ho til iLaks.

Avventer
Helge Ressem i Profunda er ordknapp om situasjonen, og avventar svar frå Mattilsynet om korleis dei skal handtere mistanken vidare.

– Me har ikkje fått avklart med Mattilsynet enno. Det som vert gjort no er at me tek ut fleire prøvar og sender til laboratorium for analyse – for å sjå om mistanken vert styrka eller svekka, seier han.

– Oppdatert informasjon er at dette ikkje vil påverke marknaden for rogn, seier han.