Heile 30 mill. matfisk er rapportert daud so langt i 2018

Nyheter
2448

Spesielt i april var svinnet høgt i norsk oppdrettsnæring.

Det kjem fram i Fiskeridirektoratet sin Biomassestatistikk etter fylke. iLaks har gått igjennom statistikk for svinn i matfiskproduksjon alle månadar frå 2005 og fram til juli 2018.

I løpet av årets første sju månadar vart det rapportert inn heile 28,5 millionar daudfisk i kategorien laks. Tek ein med 1,6 mill. regnbogeaure, er talet oppe på 30 millionar daudfisk.

Til samanlikning vart det i fjor, på same tidspunkt, rapportert inn 24,1 millionar daud laks. Tilsvarande tal i 2006 heilt nede på 14,6 millionar daud laks.

Svinnprosent er likevel tilnærma lik den var for 12 år sidan. Norsk oppdrett har hatt ein stor produksjonsauke sidan 2006, og prosent daudfisk i 2006 var på 6,6 prosent mot sju prosent i 2018.

Hulda Bysheim i Mattilsynet. FOTO: MSD Animal Health.

– Eg veit at det er ein del svinn knyt til til avlusing og PD, seier Hulda Bysheim, seniorrådgjevar ved Mattilsynet, til iLaks.

Stygt i april
Året 2018 har vore det verste året sidan Fiskeridirektoratet byrja å føre statistikk i 2005. Det totale svinnet i år, med rømming, vraking på slakteri, og andre årsaker, er på 34,3 millionar fisk. Ein ligg altså godt an til å slå fjoråret kor det totale svinnet var på 53 millionar laks.

Den verste månaden var i april, kor 6,1 milionar fisk vart rapportert daud. Spesielt Møre og Romsdal og Hordaland drog opp snittet denne månaden.

– Kanskje det er mykje behandling som følgje av krav til lågare lusetal om våren. Men dette vert berre kvalifisert synsing, seier Bysheim vidare.

– Svinn i tidleg sjøfase er ei kjent problemstilling, men har gått ned dei siste åra. Samstundes har svinnet seint i sjøfase, med handtering av lus, gått opp, legg ho til.

Tidenes verste månad sidan ein byrja å føre statistikk er likevel juli 2010, då svinnet passerte 8,1 millionar fisk.

Hordaland verst
Verstingfylket so langt i 2018 er soleklart Hordaland, etterfulgt av Nordland og Trøndelag. Hordaland står for 23 prosent av svinnet.

– Me er kjent med at det har vore mykje PD på Vestlandet, seier Bysheim.

Dødelegheit i norsk oppdrett står for store økonomiske tap for norske oppdrettarar. Dette har, i aukande grad, vore eit fokusområde både for styresmakter og næringslivsaktørar i mange år.