Men Anne Hvistendahl, sjef for fiskeri- og havbrukssatsinga til DNB, meiner landbasert oppdrett bør skje i utlandet.
– Me har finansiert eit anlegg som er langt borte frå Norge, for då sparar ein transportkostnadar. Anten det er langt til USA eller Asia, får ein ein buffer på kostnadssida dersom ein får det til, seier Hvistendahl til iLaks.
Kan kombinerast med storsmolt
I 2015 siterte iLaks Hvistendahl på at dei so langt hadde sagt nei takk til landbasert lakseoppdrett, etter å ha fått mange henvendelsar om finansiering.
– Me har nyansert litt. Det er veldig krevjande å finansiere ny teknologi med framandkapital og banklån utan at det er bevist at den fungerer, før ein har sett ein sykel, og at cash flow kjem. Men det finst unntak, seier ho.
– Storsmolt er greit, og me ser at matfiskanlegg som kan kombinerast med eksisterande verksemder i næringa kan vere smarte, seier Hvistendahl.
220.000 tonn landbasert laks på teiknebrettet
DNB har gitt eit lån til Atlantic Sapphire på 60 millionar dollar.
– I den første fasa er det viktig å ha eigenkapital. Banklån er vanskeleg å få, fordi bankar ikkje ynskjer å ta ein så høg risiko. Me har sett at nokon har klart å gjennomføre ein syklus, at teknologien fungerer, og me har smakt på laksen, seier Hvistendahl vidare.
– DNB Markets gjorde ei undersøkjing i februar 2017 kor me summerte opp alle prosjekt som var på teiknebrettet. Det var 220-225.000 tonn landbasert produksjon. Me er berre kjent med at to av desse har fått framandfinansiering.
Trur ikkje på mykje matfisk på land i Norge
iLaks-redaktør Aslak Berge skreiv torsdag ein kommentar om at finansiering kan stoppe landbasert lakseproduksjon, på same måte som med oppdrettstorsk for ti år sidan. Den kom i kjølvatnet av ein IntraFish-oversikt som viste at om lag ti prosent av norsk oppdrett kan skje på land dersom alle annonserte prosjekt lukkast.
– Trur du mykje av norsk lakseproduksjon vil skje på land i framtida?
– Nei, svarar Hvistendahl bastant, og følgjer opp:
– Det finst unntak, der ein til dømes testar ut ting som kan takast ut til utlandet, eller der ein kombinerer med eksisterande anlegg. Det vil vere meir lønsamt å gjere det andre stader.
– Mange Petter Smart i Norge
Likevel er ho klar på at det er i Norge det er største teknologisk utvikling.
– Kjerna av teknologisk utvikling skjer i Norge. Difor kan det vere ein testar og finn ut av ting i Norge, sjølv om det vert lagt til andre områder, seier ho.
– Eg tenkjer det skjer ei kontinuerleg teknologisk endring. Det som har skote fart på utviklinga i Norge er storsmolt-anlegga. Det er jo «berre» å ta denne utviklinga eit hakk vidare. Det er ei rivande teknologisk utvikling når det gjeld denne næringa i Norge. Det er eit land med mange Petter Smart, seier ho.