Høyre vil setje nullutsleppskrav i konsesjonstildelingar

Nyheter
1165

Partiet vil at nye oppdrettsanlegg og driftsfartøy skal drivast på nullutsleppsteknologi for å redusere CO2-utslepp.

Det vart vedteke i resolusjonen om grøn omstilling på partiet sitt landsmøte i april.

«Sette krav i alle nye konsesjonstildelinger til oppdrettsnæringen om bruk av miljø- og klimavennlige operasjoner, med mål om at alle nye oppdrettsanlegg og driftsfartøy for disse anleggene skal drives med nullutslippsteknologi på sikt», heiter det i vedtaket.

Forventningar
– Eg opplever at oppdrettsnæringa tek miljøansvar, men no set me litt trykk bak forventningane me, som politikarar, har til at dei ytterlegare spissar dette med tanke på CO2-utslepp, seier Liv Kari Eskeland (H) til iLaks. Ho sit i Energi- og miljøkomiteen, og var den som fremja forslaget.

Ho ynskjer å auke fokuset på næringa sitt miljøavtrykk og CO2-utslepp.

– Det er sjølvsagt viktig med lus, rømming og sjukdom, for å få berekraft i næringa, men det som går på CO2 er òg viktig, seier Eskeland.

– Me har ei forventning til at dette vert ein del av strategiplanen deira. Det opplever me at mange gjer òg, seier den tidlegare Stord-ordføraren.

– Fleire ordningar
iLaks har tidlegare i vår hatt fokus på elektrifisering av arbeidsbåtar i oppdrettsnæringa. Medan Firda Seafood-sjef Olaa Braanaas sa han ikkje hadde spesielt tru på det, var Dagfinn Hammer i KB Dykk meir positiv.

Siemens-topp sa til iLaks at han opplever at mange i bransjen er skeptisk og at dei ikkje har tru på el-båtar. Han etterlyste statlege insentivordningar.

– Me har ymse ordningar ein kan søkje på. ENOVA er absolutt med på å bidra til slike utviklingsprosjekt, seier Eskeland.

Hydrogenbåt
Ho skryt spesielt over Osland Havbruk.

– Osland Havbruk i Sogn og Fjordane driv no og luktar på hydrogen. Dei ligg ved sidan av eit småkraftverk som produserer hydrogen til båtane. I prosessen vert òg oksygen produsert. Det vert nytta i smoltanlegga, seier Eskeland.

Omdømmebyggjande
Det er langt frå ei hemmelegheit at oppdrettsnæringa slit med eit omdømmeproblem i Norge. Eskeland trur dette kan bidra til å oppnå auka aksept i lokalmiljøa.

– Alle tiltak som er med på å redusere klima- og miljøavtrykk, og kjelder til forureining i eit nærmiljø, vil betre opinionen si tilnærming til oppdrettsanlegga. Alle næringar må vere med på å bidra for å nå klimamåla. Oppdrettsnæringa må, på lik linje, vere med på den grøne omstillinga, seier Eskeland.