HI venta over ei veke med å varsle om rømming

Nyheter
3952

– Me tek det til etterretening og skjerpar rutinane betydeleg. Dette skal rapporterast umiddelbart. Me har vore for seine, seier Ragnar Nortvedt i Havforskningsinstituttet (HI) til iLaks.

Den 7. desember rømte det fisk frå HI sin lokalitet Solheim/Knappen i Masfjorden i samband med ei avlusing.

Likevel fekk ikkje Fiskeridirektoratet melding om hendinga før helga, som tysdag hadde rømningsinspeksjon på lokaliteten.

Uvêr
Stasjonssjef Nortvedt forklarar hendinga slik overfor iLaks:

– Det som skjedde der er at me hadde ei avlusing på gang med hjelp av ein brønnbåt, og medan denne prosessen pågjekk kom det eit forferdeleg uvêr som førte til at mannskapen i «hurten og styrten» måtte kappe fortøyninga med øks og koma seg vekk frå anlegget så dei ikkje drog med seg anlegget. Idet dei gjorde det, mista dei fisk frå renna, som fører fisk frå fartøyet til merden, ned i sjøen.

Uheldig
Ved Erko Seafood sitt anlegg Barlingebotten vart det like etter fanga 17 fisk med garn. Storleiken er lik fisken som rømte frå HI-anlegget.

– Me veit ikkje om den fisken dei har fanga er vår, men den stemmer med storleiken på vår fisk, seier Nortvedt.

Først luseproblem, no rømming. Dette ser litt uheldig ut?

– Jo, absolutt. Me ynskjer ikkje at slike ting skal skje, og me har skjerpa rutinane. At det skjer i seg sjølv må vêret ta skulda for. Måten dei har trekt opp renna på fartøyet på er ikkje noko me styrer. Det styrer brønnbåten, seier Nortvedt.

I tillegg tok det over ei veke før hendinga vart rapportert inn.

– Me tek det til etterretning og skjerpar rutinane betydeleg. Dette skal rapporterast umiddelbart. Me har vore for seine, seier han.

Kvifor vart det ikkje rapportert inn tidlegare?

– Fordi ansvarleg på anlegget ikkje tok seg tid til å gjera det. Eg fekk ikkje vita det før i helga. Det gjekk ei veke frå det skjedde til det vart rapportert. Det har me teke opp, og det skal me skjerpa veldig tydeleg.

– Lite me kunne gjera
Som premissleverandør bør de vera ekstra påpasslege?

– Det er klart. Me ynskjer sjølvsagt å følgje reglementet og gjere dette på riktig måte, når det først skjer. Det var lite me kunne gjere på anlegget for å unngå at rømminga skjedde. Det kom skikkeleg hardt vêr. Det vart heilt svart i fjorden, og det var til og med ei flaggstang som knekte, seier han.