Her er utfordringane for 2050-visjonen

Nyheter
970

Per Sandberg har ein uttalt visjon om å produsere sjømat for 500 millardar kroner innan 2050. Er det realistisk?

– Det er mange utfordringar, seier spesialrådgjevar i SINTEF, Karl Almås, for dei frammøtte på Solstrand-hotellet under EWOS-konferansen 2018.

Norge – liten brikke i spelet
Og utfordringar kan han ramse opp i hopetal. Ikkje berre har produksjonen i norsk oppdrett stått nærast på staden kvil sidan 2012, men bransjen har òg miljømessige utfordringar.

Likevel meiner han at Norge er landet med best forutsetnad for å både auke produksjonen og eliminere miljøutfordringane.

– I det globale biletet utgjer havøkonomien berre 2,5 prosent av den totale globale økonomien. Norge er ein liten brikke i spelet, så Norge står for 0,3 prosent av den globale økonomien, seier han, og presiserer vidare:

– Stormakt
– Norge står for heile sju prosent av havøkonomien. Det er noko å leggja merke til. Me er ein trendsetjar og bidragsytar kompetanse- og utviklingsmessig. Me er ei stormakt innan den havbaserte næringa.

2050-visjonen vart forfatta i 2012. I 1990 vart det òg skriven ned ein visjon, kor dei ifølgje Almås traff på tonnet når det gjaldt produksjon av laks innan 2010.

– Om ein ser 32 år tilbake i tid kjem me til 1986. Så lenge er det til 2050. Det er jo eigentleg ikkje så veldig lenge sidan, sier han.

– Kjempeutfordring
Vidare ramsar han opp ei rekkje utfordringar norsk oppdrett står for.

– Det står ikkje berre bra til med havet med omgir oss med, seier han.

  • Betydeleg forureining; mellom anna med plastforureining,
  • aukande befolkning langs kysten,
  • for hard utnytting av fiskestammane – nedgang i artsmangfald,
  • havnivået stig
  • aukande surhetsgrad i havet, då ein slepp ut så mykje CO2.

– Med den bakgrunnen her skal me klare å vokse slik det er førespegla her. Det er ei kjempeutfordring. Me skal utvikle næringa vidare utan å tilføre fleire problem – heller eliminere nokre av utfordringane. Det er ikkje berre viktig med vekst, men korleis me gjer det. Me må ha balansen, seier han.

– Volummessig har det flata litt ut dei siste åra. Me må gjere nokre rykk i produksjonen for å gjere visjonen som er sett opp for 2030. Med verdiskapning er me på sporet.

– Me har òg problem med lus og mangel på råstoff til fôret me produserer.

– Må gjera kloke val
Han seier avslutningsvis at det er stor variasjon i korleis me ligg an til ambisjonane. Klima- og miljøendringar vil leggje viktige premiss for utviklinga.

– Næringsaøktørane må gjera kloke val for å få aksept for sin aktivitet, seier han.