No produserer den færøyske fôrleverandøren 80.000 tonn årleg. Over 90 prosent av det går til Bakkafrost, som eig selskapet.
– Eg har jobba fast i Havsbrún sidan 1988. Me har selt fôr til Bakkafrost sidan tidenes morgon. Då var det Regin Jacobsen (no administrerande direktør i Bakkafrost) som henta mjølblandinga – som skulle brukast til våtfôret – med lastebil! Eg blanda mjølet, og han henta det.
Det seier Havsbrún-direktør Odd Eliasen til iLaks.
Med 30 år i fôrselskapet bak seg har han vore med på mykje. Eliasen har opplevd både opp- og nedturar, utvikling, profesjonalisering, omstrukturering og konsolideringar i aust og vest.
Saka held fram under biletet.

– Havsbrúk starta allereie i 1966. Me produserte mjøl og olje, og då oppdrettsnæringa byrja på slutten av 1970-talet, såg Havsbrún moglegheiter og byrja å produsere fôr i 1981.
Bakkafrost overtok i 2011
Eliasen har vore direktør sidan oktober 2012, etter 30 år i selskapet. Før 2012 sat han seks år i Bakkafrost-styret, og sit no i konsernleiinga til selskapet.
Bakkafrost kjøpte selskapet året før, som ein del av ein større plan om konsolidering og restrukturering av havbruksnæringa på Færøyane.
– I 2009 vart Vestlax fusjonert inn i Bakkafrost. I og med at Bakkafrost kom på børs i mars 2010, og fekk tilgang til midlar, og enkelte av Havsbrún-eigerane ynskja å selje seg ut, var Bakkafrost den opplagte kjøparen av Havsbrún, seier Eliasen vidare.

Konsolidering
Det har likevel langt frå berre vore rosenraudt for den færøyske oppdrettsnæringa. Den sokalla «ILA-krisa» på byrjinga av 2000-talet tok livet av mange oppdrettsselskap.
– Me hadde ILA på Færøyane tidleg på 2000-talet, og næringa måtte restrukturerast etter konkursane. På det meste hadde me 63 selskap (tidleg 1990-talet, journ. anm.), og no er me berre tre. Den største konsolideringa i næringa har pågått i fleire omgangar, men den største skjedde frå 2003 til 2005.
Tre selskap overlevde
Heldigvis hadde dei fleire bein å stå på. Sidan 1994 hadde dei eksportert fiskefôr til både Shetland, Skottland og Norge.
– Når ein ikkje har så mykje å gjere på Færøyane, må ein bruke tid og krefter andre stader.
– Det har vore ei veldig spanande reise å få til alt dette her. Me har hatt mange «ups and downs» frå 1988 til 2005, men dei siste 12 åra har det vore stabilt for næringa, seier Eliasen.
No eksporterer dei òg fôr til Island. Det færøyske oppdrettsselskapet Hidden Fjord er i tillegg kunde. Den andre aktøren i landet, Marine Harvest, får fôret sitt frå Norge.