Hardt ut mot oppdrettarane på Vestlandet. – Me er nøydd til å bli betre, seier Aarskog

Nyheter
1206

Konsernsjef i Marine Harvest, Alf-Helge Aarskog, er uroa for situasjonen på Vestlandet.

– Drifta i nord er nesten tre gonger betre enn i sør, seier Aarskog på Marine Harvest sin andre kvartalspresentasjon på Scandic Flesland Airport onsdag ettermiddag.

Høge lakseprisar gir oppdrettseininga i Norge sitt beste andrekvartal noko sinne.

– I Norge er det gode tal med auka driftsresultat frå 98 til 127 millionar euro, seier Aarskog.

Konsernsjef i Marine Harvest, Alf-Helge Aarskog. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Dette må me løyse
Medan drifta totalt sett er betra i Norge, med ein høgare EBIT per kilo, er Aarskog uroa over ståa på Vestlandet.

– Me må redusere slaktevoluma framover. 80 prosent av det skjer i region sør (frå Sognefjorden og sørover). Det er ikkje noko me ynskjer, men det er ein konsekvens av at fisken ikkje er stor nok, og toler ikkje fleire behandlingar. Dette er ein kombinasjon av lus og andre sjukdommar, seier Aarskog.

Vidare retter han ein kritisk peikefinger mot oppdrettarane på Vestlandet.

– Dette må me løyse. Spesielt Hordaland har ein jobb å gjere med struktur i havbruksnæringa. Det har ikkje vore dynamisk, og det er mange små lokalitetar her. Me må finne ut kva som er dei gode framtidslokalitetane for å få orden på dette, seier konsernsjefen.

Langt betre i nord
Produksjonsområde 3 og 4, frå Nordhordland til Karmøy, er i raud sone som følgje av lusesituasjonen i området. iLaks kunne førre veke fortelje om den verste luseveka so langt i 2018, og at Marine Harvest hadde ti lokalitetar over lusegrensa.

– Det vert viktig å sjå på strukturen i Hordaland. Dette gjeld ikkje berre Marine Harvest, men alle selskap som driv oppdrett på Vestlandet, seier Aarskog.

– Det er stor forskjell i driftsresultat i dei ulike regionane. EBIT per kilo er 1,12 euro i sør, 2,63 i midt og 3,32 i nord. Det er nesten tre gongar betre drift i nord enn sør. Det er eit tankekors – og noko me er nøydd til å betra, seier Aarskog.

Mindre superior laks
Region sør har òg ein stor nedgang i andel superior laks. Den er no på 87 prosent, ned frå 93 prosent same periode i fjor.

Totalt er andelen superior laks på 89 prosent nasjonalt, ned frå 91 prosent i fjor. Det er ikkje selskapet nøgd med.

– Me er ikkje nøgd med ein «superior share» på 89 prosent. Me vil vere oppe på 92-93 prosent, seier Aarskog.