– Hadde eg sagt eg ville gjera noko anna, hadde eg blitt forvist frå familien

Nyheter
1331

I første episode av «Industrihøvdingen» fortel konsernsjef i Bremnes Seashore, Olav Svendsen jr., si historie.

Bømlingen har leia familieselskapet sitt gjennom opp- og nedturar i over 30 år. Svendsen fortel her om tidleg barndom og kvifor han valde å ta over selskapet som vart skipa av hans far, Olav Svendsen sr.

– Hadde eg sagt eg ville gjera noko anna, hadde eg blitt forvist frå familien, trur eg, ler Svendsen.

– Det var aldri eit spørsmål om det, legg han til.

Vidare fortel han mellom anna om utfordringane som har stått til hinder for oppdrettsnæringa.

  • Neste episode av «Industrihøvdingen» kjem neste måndag klokka 20.00.

– På 80-talet var det mykje sjukdom, med Hitra-sjuka, ILA og furunkulose. I periodar har lakseprisane vore veldig lave, heilt nede i 12-14 kr/kg. Me har aldri tapt pengar, men det har vore år me har slite litt, seier han.

Han er òg kritisk til korleis dagens oppdrettsnæring vert forvalta av styresmakter, og korleis Mattilsynet er ute etter å «arrestere».

– I starten hadde me meir eit samarbeid med Mattilsynet. No kjenner eg at Mattilsynet har blitt eit politi som er oppteken av å straffe oss, seier han.