«Good conditions for major problems», seier Atli Gregersen om færøysk oppdrett på 90-talet

Nyheter
1398

Atli Gregersen har, saman med sin bror Regin, leia Hidden Fjord sidan han tok over etter sin far i 1994. Etter det har det gått slag i slag for den engasjerte direktøren.

– Om du har tid, så har eg veldig lyst til å fortelje deg om korleis det var.

Slik innleier Gregersen når iLaks tek opp den mykje omtalte ILA-krisa som oppsto på Færøyane tidleg på 2000-talet. Av drygt 20 oppdrettsselskap, var det berre hans eige og, no børsnoterte, Bakkafrost som overlevde.

– Folk i næringa sa at eg snakka for mykje om ILA. Eg var tydeleg på at me måtte førebu oss på det, og måtte unngå ILA-krise som i Norge og Skottland, seier han.

Sidan 1998 hadde han, saman med færøyske styresmakter, arbeidd med ei ny forskrift som skulle leggje grunnlaget for den færøyske driftsmodellen. Slik skulle dei mellom anna ruste seg mot sjukdomsutbrot.

Påverka av både mor- og far-slekta
Gregersen si historie innanfor fiskeri og havbruk byrjar likevel lenge før 2000-talet. Han utdanna seg innanfor havbruk i Tromsø på slutten av 1970-talet.

Selskapet vart skipa av hans farfar, Joen Pauli Gregersen – i 1929 – før Atli sin far, Oddfríður, overtok. I 1994, var det Atli og Regin sin tur.

– Dette selskapet vart skipa av min farfar i 1929. Men bestefar til mor starta si verksemd i 1887. Den stoppa på 1960-talet, men Hidden Fjord har røter direkte til 1929, seier Atli Gregersen. Sjølve Hidden Fjord vart oppretta som eit Luna-brand i 2011. 

Den karismatiske færøyingen prater på inn- og utpust. Gregersen presiserer at selskapet har arva like mykje mentalitet frå mor-slekta som far-slekta.

– Men me er like mykje påverka av tankegangen til mor sin familie, seier han.

Saka held fram under biletet.

Atli Gregersen, administrerande direktør i Luna/Hidden Fjord. FOTO: Ole Alexander Saue.

Utdanna i Tromsø
Sjølv var Atli sentral i oppbyggjinga av oppdrettsdivisjonen av selskapet.

– Før det dreiv selskapet med saltfisk. På 1960-talet byrja me med sild og makrell, men i 1977 vart fiskerigrensene flytta ut, og færøyingane vart utestengd frå alle territorier bortsett frå vårt eige. Dette blei ei krise på Færøyane. Kva skulle me leve av då?

– Eg gjekk på gymnaset i Tórshavn på 1970-talet, og biologilæraren fortalde meg at Færøyane var perfekt for lakseoppdrett. Då tenkte eg at eg måtte finne eit studie som passa til det. Gregersen tok universitetsutdanning i Tromsø, og spesialiserte seg innanfor oppdrett.

– Me tenkte me hadde eit nasjonalt ansvar, og byrja med lakseoppdrett med ein gang, seier Atli.

Hidden Fjord-anlegg på Færøyane. FOTO: Ole Alexander Saue.

Tre selskap per fjord
Ting gjekk godt for oppdrettsselskap på Færøyane. Også for Hidden Fjord.

– Det gjekk i full fart oppover på 1980-talet, og alle var glade. Men på byrjinga av 1990-talet fekk me Hitra-sjuka, lakselus, BKD og CMS, og lakseprisane var veldig låge. Samstundes gjekk Færøyane inn i ei stor økonomisk krise, og heile samfunnet gjekk konkurs, erindrer Gregersen.

– Eg overtok etter min far like etter dette, i 1994. Eg skal ikkje seie så mykje om det, men me hadde ikkje alltid same synspunkt. Men det gjekk fint, og me er gode vener, seier han vidare.

På denne tida var det om lag tre oppdrettarar per fjord. Totalt rundt 60.

– Eg brukte å seie at det var «good conditions for major problems». Korleis skulle ein ha kontroll på lus og sjukdom under slike forhold?

Saka held fram under biletet.

Atli Gregersen, administrerande direktør i Luna/Hidden Fjord. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Sjølvsagt kranglar me i blant
Selskapet fekk stabla seg opp att, men oppdrettarane var ikkje rusta for ILA-problematikken som oppsto eit tiår seinare. I tospann med bror Regin har dei likevel overlevd – og vel så det.

– Me er så heldige at me er to brør som eig dette, og me har ikkje gått på børs. Om ein ser på færøyske verksemder, har ikkje børsnotering vore det første ein tenkjer på. Bakkafrost gjorde det, og det har vore fint for dei. Me var klare på at me vil drive verksemda basert på innteninga me har. Me har hatt eit meir konservativt perspektiv på det.

– Korleis er det å leie eit selskap med sin bror?

– Det har faktisk gått fint. Mange spør meg om dette. Sjølvsagt kranglar me i blant, men det går bra.

Saka held fram under biletet.

Atli Gregersen viser fram ein diplom hans oldefar fekk utdelt på ei fiskerimesse på slutten av 1800-talet. FOTO: Ole Alexander Saue.

Verdas beste laks?
No har selskapet om lag 140 tilsette, og jobbar ifølgje Atli med klare målsetjingar.

– I 1898 vann morfar til mamma gullmedalje på ei internasjonal fiskerimesse i Bergen. Det var langt frå Færøyane til Bergen på den tida. Eg tykkjer det er ganske artig. Om dei klarte det i 1898, kvifor skal ikkje me klare å produsere verdas beste laks i 2018, seier han, og refererer til si fem år gamle målsetjing om å gjere nettopp dét.