Gigante Havbruk med driftsresultat på 127 millionar kroner

Nyheter
0

Har over ein milliard i eigenkapital.

Det Bodø baserte oppdrettskonsernet har hatt fleire utviklingsprosjekter, og har prosjekter på både eksponert havbruk og på landbasert oppdrett. Dei har i 2021 hatt eit veldig godt år, og har auka driftsresultatet med 481,9 prosent frå 2020.

Vi er nøgd med 2021. Vi har kome ut av covid, og har hatt ein omsetning på nesten ein milliard, og har nå over ein milliard i skattbar eigenkapital, fortel konsernsjef i Gigante Havbruk, Kjell Lorentsen, til iLaks.

Lorentsen fortel at mykje av fokuset deira akkurat nå er på utviklinga av det landbaserte oppdrettsanlegget i Rødøy kommune, som skal sette ut fisk i hausten 2023. Dette skjer gjennom datterselskapet Gigante Salmon.

Oppdrettsgründer Kjell Lorentsen, daglig leder i Gigante Havbruk. FOTO: Gigante Offshore

I juli 2021 ble det gjennomført IPO og emisjon i Gigante Salmon. Der dei henta inn 222 millionar kroner til prosjektet med det landbaserte anlegget.

Vi har lagt eit godt grunnlag i 2021, og trur det vil bidra inn i 2022, avsluttar Lorentsen.

Gigante Havbruk 2021 2020 Endring
Omsetning 974,0 374,4 160,1 %
EBIT 127,3 21,9 481,9 %
Resultat før skatt 113,7 24,2 369,9 %
Driftsmargin 13,1 % 5,8 %
Alle tall i millionar kroner