Går av etter ti år som sjef i Polar Quality: – Har jævlig mange gode historiar!

Nyheter
2047

Ole Kristian Kjellbakk forlét eksportselskapet Polar Quality i mai. Røvarhistoriane vil han likevel vente til han er pensjonist med å fortelja.

Fredag kunne iLaks meddele at Robert Johansen (34) frå Andøya er tilsett som ny direktør i eksportselskapet Polar Quality. Med ein mann inn, betyr det ein mann ut. Kjellbakk, som har vore dagleg leiar i Polar Quality sidan 2008, går av i mai. Det gjer òg hans søster og salssjef, Marit Sivertsen.

– Det vert jo vemodig å gå frå noko eg har vore med på å bygge opp, seier Kjellbakk til iLaks.

På ti år har omsetjinga til selskapet gått frå dryge to millionar kroner til om lag 1,4 milliardar i 2017. Eigenkapitalen har gått frå fem millionar kroner til nærare 40 millionar kroner.

Startar for seg sjølv
– Me trur me har fått Polar Quality så langt som me klarar. Me sluttar litt for at me vil ha nye utfordringar, og at me ikkje trur eg og Marit kan ta det mykje lenger. No kan andre kome til og drive det vidare. Det er sunt å sjå ting med nye auger. Me har hatt det heilt fantastisk, så det er ingen dramatikk, seier han vidare.

De ser rett og slett deira avgrensingar?

– Ja, svarar han.

Kva skal de vidare?

– Me kjem med noko nytt. Kva det blir, kan me ikkje seie enno.

Men det er laks, dette òg?

– I utgangspunktet er me født og oppvaksen i laksebransjen, så eg trur ikkje det er så jævla mykje anna me kan. Me meiner me har mykje å bidra med enno, så skal me prøve å sjå om me får noko opp og gå. De høyrer garantert meir frå oss, seier han.

– Ikkje ein jobb, ein livsstil
Kjellbakk har vore i laksebransjen så lenge han har vore yrkesaktiv. Han verkar oppriktig når han seier at dette har vore ein fantastisk jobb kor han har mykje gode minner frå. Men korleis er det eigentleg å selje laks?

– Dette er ikkje ein jobb. Dette er ein livsstil, seier Kjellbakk klisjéfylt, og legg til: – Me er tilgjengeleg 24 timar i døgeret. Det er mykje reiser, ein må vere «hands on» og ein må følgje med. Svingningane kjem fort. Det kan vere politiske og internasjonale avgjersler som kan endre situasjonen umiddelbart. Det er veldig intenst. Det er energikrevjande og ikkje noko for alle og einkvar, seier Kjellbakk.

Polar Quality-teamet på jobb: Foran frå høgre er Ole Kristian Kjellbakk, Marthe Måsvær, Marit Sivertsen, og Cristopher Pettersen. Foran frå venstre: Joakim Braseth, Valeria Orudzheva og Guro Sletten.

«Meanwhile in Russia»
For å kome tilbake til der me starta: «Jævla mange gode historiar», som han seier. Sjølv meiner han likevel ikkje det ville vore riktig å fortelje dei allereie no.

– Du skal få dei om 30 år, når eg går av, seier han og ler høglytt.

Likevel påspanderer han oss éin historie.

– Eg kan ta ein søt og uskuldig ein. Eg tok med meg seks oppdrettarar på operaen i St. Petersburg og det var svinkaldt ute. Operahuset er kjent for å vere fint og stasleg med fine herrer og fruer. Endeleg kom me inn i varmen – etter ein litt sein kveld dagen før, og alle oppdrettarane sovnar på bakerste rad når me ser operaen «Figaros Bryllup». Plutseleg er det ein sanse der dei starta å klappe på scena på grunn av at giftemålet er i gang. Då skal eine oppdrettaren late som han ikkje søv, reiser seg opp, og klappar – utan å ha fulgt med. Plutselig står han, åleine oppreist, og klappar medan publikum og skodespelarar står og ser på han.

– Ekstrem utvikling
Han har framleis nokre månadar igjen i selskapet før han takkar for seg. Laksemarknaden var ein heilt annleis for ti år sidan. Den 2. januar 2009 kunne Hegnar.no melde om rekordhøg laksepris i 2008.

«Det ble en sterk oppgang for lakseprisen den siste uka i 2008», sto det i saka.

Og prisen? 29,95 kroner/kiloen for fersk laks.

– Det har vore ei fantastisk reise, og det har vore artig å utvikle selskapet med aktive aksjonærar som òg er våre leverandørar. Sjølv om me har stått på eigne bein har dei vore med på festen og utvikla seg i takt med det me har gjort i høve sertifisering og slakteri heile vegen. Det har vor vore jævlig artig dei ti åra, seier han.

– Utviklinga har vore ekstrem. Eg har selt laks for 16 kroner/kiloen og eg har selt laks for 100 kroner/kiloen. Det er store svingningar; mykje hands on, og det er mange folk i næringa som blir verande. Det er eit jævla fint miljø. Det er vel ingen andre bransjar der folk sit samla etter endt arbeidsøkt og tek over heile pubar i Brussel (i høve verdas største sjømatmesse, Seafood Expo Global) som me berre kallar norskebaren. Den er full av konkurrentar, men det er veldig fin stemning blant folk, seier han.

Lokalt, men internasjonalt
Norsk laks er verdas mest ettertrakta laks. I 2016 gjekk 67 prosent av all sjømateksporten, målt i verdi, til Europa. Likevel, er det langs norskekysten verdiskapinga skjer. Det er eit element Kjellbakk verdset.

– Det artige med å vere eksportør er at heile verda er arbeidsplassen, medan leverandørane er lokale – frå dei minste plassane her som leverer til dei største byane. Norsk oppdrett skjer ikkje i store byar. Våre mest sentrale leverandørar er vel frå Bodø, medan dei andre er frå små stader som Rognan, Selsøyvik, Kvarøy og Sjøvegan. Det er små lokale selskap som har ekstrem betydning. Dei legg igjen ekstremt med midlar i form av både arbeidsplassar og sponsing. Det er utruleg artig og sjå utviklinga – frå å vere semi-profesjonell til heilprofesjonelle. Og endå er ikkje utviklinga stoppa, seier han.