Fremskridt Laks tok ut 30 millionar kroner i utbytte

Nyheter
0

Etter eit kraftig fall i driftsresultatet i 2020, har Fremskridt Laks snudd trenden i 2021, og ender på eit driftsresultat på 15,9 millionar kroner.

Det Bømlo-baserte selskapet har funnet vegen tilbake etter ei kraftig nedgang i 2020. Selskapet har spesielt kutta i varekostnad, og fått noko meir i salsinntekter. Dei vel også å ta ut eit utbytte, som er over det dobla av nettoresultatet for året.

«Årsaken til reduksjonen i egenkapitalandel er utdeling av tilleggsutbytte på 30 millioner kroner. Styret mener dette er forsvarlig ut ifra gjeldende markedssituasjon, selskapets egenkapitalandel og likviditet,» fortel styret i deira årsmelding.

Eigenkapitaldelen var ved slutten av året på 61 prosent, og utgjorde 121 millionar kroner. Dette er ein nedgang frå 2020 då denne var på 75,9 prosent.

Fremskridt Laks drifter på to konsesjonar, og er eigd av Roar Espevold (39,1 prosent), Fremskridt (32,4 prosent) og Bernhard Espevold (28,5 prosent). Sistnevnte er dagleg leiar i selskapet. Dei har sju tilsatte.

Bedriften eig også 50 prosent i Hardingsmolt, som dei kjøper settefisk frå.

iLaks har bedt om ein kommentar til saken frå Espevold, men han ynskjer ikkje å kommentere.

FREMSKRIDT LAKS 2021 2020 Endring
Omsetning 112,3 108,5 3,5 %
EBIT 15,9 8,8 81,4 %
Resultat før skatt 15,1 8,5 76,9 %
Driftsmargin 14,2 % 8,1 %
Alle tall i millionar kroner