Fremskridt Laks nær dobling av resultatet

Nyheter
737

Nok eit selskap som set rekordar i 2017.

Bømlo-oppdrettaren feirar resultatet med 25 millionar kroner i utbytte.

iLaks får ikkje tak i dagleg leiar Bernhard Espevold, men storebror Roar Espevold er tydeleg nøgd med resultatet.

– Det var vel «all time high»? Lakseprisen var grei. Eg trur ikkje det var noko anna. Produksjonen var som venta, seier han.

– Alt kan gå greit, til det går til helvete
Korleis ser 2018 ut?

– Det kan eg fortelja deg om eitt år. Det er no det byrja. Det snur fort. Alt kan gå greit, til det går til helvete. Sånn er det mange ting, seier han.

På sine to konsesjonar omsatte selskapet for 124,3 millionar kroner, og endte med eit driftsresultat på 56,9 millionar kroner, opp 89 prosent frå fjoråret.

Andregenerasjon
Roar og Bernhard er andregenerasjons oppdrettarar, etter at faren Ragnvald var ein av pionerane innan oppdrett av aure på 1960-talet.

Fremskridt Laks er med i Salmon Group.

Selskapet er eigd av Fremskridt Holding, kor Roar (39,1 prosent) og Bernhard Espevold (28,5 prosent) er største eigarar. Einar Grønnevik, John A. Thormodsæter, Berhard Grønnevik og Nora Thormodsæter eig 8,1 prosent kvar.