Aquabyte-gründer Bryton Shang starta med sin idè i badekaret i Silicon Valley, og valde i 2017 å ta den til AquaNor-messa. Her ifrå har systemet kome ut i norske fjordar.
Ideen har sida 2017 utvikla seg kraftig, og Aquabyte har blitt ein kjend aktør i mange merder. Ideen går ut på at ein skal kunne bruke eit kamera og system til å kunne få all informasjonen ein treng om fisken.
Shang forteller om korleis dei har arbeida seg opp, og korleis de har trengt å utvida til eigne lokaler frå det gamle lagerbygget på Laksevåg, som dei nå opererer ut frå i Noreg.
– I fremtida vil me spørje korleis me nokon gang har oppdretta fisk utan å vite vekt, helse og grunnleggande informasjon, seier Shang til iLaks.

400 millionar kroner
Telling av lakselus og nøyaktig estimat av vekt- og distrubisjonsdata er to av bruksområdene som til nå har fått ferdig utvikla løysingar. Fiskehelse er eit anna viktig område ein kan anvenda systemet. Her kan detektering av vintersår, deformasjoner og andre ytre forandringar på laksen være aktuelle bruksområder. Aquabyte-plattformen skal ifølgje han kombinere innsikt fra denne dataen med marknadsdata for at oppdretterane skal kunne gjere best mogleg beslutningar.
Bedriften, som held til på Laksevåg og i San Fransisco, er finansiert av venture capital og har ifølgje Shang fått inn over 400 millionar kroner til prosjektet. Selskapet har rundt 50 tilsette.
Les også: Andreas Mikalsen går fra Mowi til Aquabyte

Skal fungere i alle merder
Han går ut på brygga og forklarer han at noko av utfordringa har vert å sørgje for at kameraet fungerer i alle merder uansett forhald. Det er ein lang veg frå badekaret, der vatnet er klart uansett, til norske fjordar som har veldig ulike forhald.
– Det er som ein smarttelefon, det er eit enkelt system, som kan gjere alt. Systemet er brukt av mange, og det er viktig at når det kjem i alle merdene deira at det fungerer like godt om det er til havs, på land eller i ein fjord, seier Shang.