Frå august av skal Lerøy og Måsøval telje lus automatisk

Nyheter
1842

Har inngått pilotavtale med SpectraLice-produsent Ecotone.

– Me byggjer pilotanlegga no, og så skal me levere i midten av august, seier dagleg leiar i Ecotone, Ivar Erdal, til iLaks.

Ivar Erdal. FOTO: Ecotone.

Snart skal altså Lerøy og Måsøval Fiskeoppdrett for alvor ta i bruk automatisk luseteljar, etter å ha vore med på prototypeprosjekt med trondheimsbaserte Ecotone.

Betre presisjon
Det skal, ifølgje selskapet, gi færre timar på merdkanten, mindre handtering av fisken, betre oversikt over lusepresset i tillegg til betre og breiare avgjerslegrunnlag.

– Me er med fordi me tykkjer dette ser spanande ut. Me vonar dette kan lære oss meir om lus og dynamikken i lusesmitte. No kan me sjå endringar i lusa, slik at ein får betre presisjon i estimata me gjer, seier fiskehelsesjef i Måsøval, Arnfinn Aunsmo, til iLaks.

Han vedgår det er mykje å gå på når det gjeld handtering av lus.

Arnfinn Aunsmo. FOTO: Måsøval Fiskeoppdrett.

– Me har ein del å hente på lus. No får me betre overvaking, seier Aunsmo vidare.

Dei har sett på ulike lokalitetar på Frøya, men har ikkje fastsett lokalitet for pilotanlegget.

Glad for å ha med Lerøy
Lerøy har heller ikkje fastsett lokalitet, og iLaks har ikkje lukkast å få tak i fiskehelsesjef Bjarne Reinert i arbeidet med denne saka.

– Lerøy har ikkje bestemt seg enno, men det kan godt vere det blir på Vestlandet, seier Erdal i Ecotone.

– Dei har vore med heile vegen. Me er veldig glad for å ha hatt med oss Lerøy heile vegen gjennom, seier han vidare.

Berre substitutt førebels 
Sensorteknologien vil inntil vidare, under pilotfasa, nyttast som eit subsitutt til vanleg luseteljing.

– Dei er framleis påboden å telje på vanleg måte, men me held fram med dialogen med Mattilsynet, slik at dei er klar over kva som føregår. Det løpet vil nok gå over ganske lang tid. Målet er ganske klart – Lerøy ynskjer å gå over på automatiserte system, seier Erdal i Ecotone.

Ved hjelp av sensor tek SpectraLice eit hyperspektralt bilete av laksen og analyserer fargesituasjonene til kvar einaste piksel i biletet. Dette skal identifisere lusa basert på dei ulike fargesignaturane.