– Fortset den energipolitikken som er nå så kan det nok hende at me må sjå etter lokasjonar utfor Noreg

Nyheter
0

Store aukingar i straumpris gjør at smoltoppdrettarane på sørvestlandet må sjå på nye løysningar.

Straummarknaden har vert ustabil det siste året på grunn av låg vassstand i magasinene i Noreg. Dette saman med at straum frå Sørvest-Noreg går til å dekka kraftunderskot i Europa har gjort at prisen har skutt til værs.

Dette går ut over smoltprodusentane i Sør-Noreg, som i forskjell til forbrukarane ikkje får straumstøtte.

Gustav Folkestad er daglig leder ved Sævareid Fiskeanlegg. Foto: Trine Forsland

Ulike straumutgifter
Prisane på straum er forskjellige basert på kva straumområde ein finn seg i. Prisområda i nord har dei siste månadane vert betydeleg lågare enn dei sørlege prisområda. Dette gjer at bedriftane ikkje konkurrerer på likt grunnlag.

– Det er òg ganske store forskjellar, då nokon framleis har billeg straum, fortel Folkestad.

Straumen er i dag på det høgaste nivået så langt i Sørvest-Noreg med heile fire kroner for ein kilowatttime.

Slik har døgnprisen på strøm vert i de ulike prisområdene:

Sørvest-Noreg: 4,22 kroner kilowattimen
Østlandet og deler av Vestlandet: 2,05 kroner kilowattimen
Midt-Noreg og Nord-Noreg: omtrent to øre kilowattimen

Straumsoner utsnitt. Kart: Geodata

Sævareid Fiskeanlegg ligg i straumsona for Sørvest-Noreg, og er akkurat på feil side av grensa mellom den og straumsonen for Vest-Noreg. Straumsona splittar Bjørnafjorden kommune, og dette gjer at de betaler dobbelt så dyrt per kilowattime, som visst selskapet hadde lagt ein anna stad i kommunen.

– Det er rart at ein lagar eit system i eit land, som gir så store forskjellar frå stad til stad. Vi kan ikkje akseptera så brutale prisforskjellar som det er no, sa Folkestad til BT tidlegare i dag.

Han seier til iLaks at dette vil påverke kundene, som vil få høgare prisar framover.

– Det viktige er at ting er føreseieleg for kunden, men eg har aldri opplevd slike endringar, som det er no, fortset Folkestad.

Meir energieffektiv tank
Ein anna som merkar straumrekninga er EcoFishCircle, som held til på Hausvik i Agder.

– Straumprisen er ikkje berekraftig på sikt, og me må nok sjå oss rundt etter alternative energikjeldar på lengre sikt. Det kan være gjennom å bygge eigen sol- og vindkraft, fortel administrerende direktør i EcoFishCircle, Jarle Dragvik, til iLaks.

Selskapet jobber med nybrotsarbeid, og tanken til selskapet skal være meir energieffektiv enn tradisjonell RAS-teknologi. Han er derimot klar på at dersom dette fortset må ein sjå på andre løysningar også utfor Noreg.

Prosjektet er eit pilotannlegg, og planen er å på sikt bygge eit mykje større anlegg ved Lista flyplass.

– Fortset den energipolitikken som er nå så kan det nok hende at me må sjå etter lokasjonar utfor Noreg. Eg trur mykje av norsk industri kjem til å tenkje på det, fordi då kan ein kome nærare marknaden, og ha mindre utgifter knytt til transport, avslutter Dragvik.