Fortsatt brennheitt for brønnbåtreiarlaget Sølvtrans med 54,5 prosent i driftsmargin

Nyheter
0

Selskapet drar inn eit årsresultat før skatt på heile 370,9 millionar kroner.

Ålesund-reiarlaget auka sal og resultat frå 2020 til 2021. Årsresultatet før skatt enda på 370,9 millionar kroner, ein oppgang på 15,7 prosent frå året før.

Sølvtrans tok levering av ein brønnbåt ifjor, “Ronja Vest“. Ved inngangen til 2021 hadde reiarlaget kontrahert ti nye brønnbåtar. To av desse kom i første kvartal av 2022.

«Ronja Vest» med fire generasjoner Bolaks. Foto: Bolaks

Har trua på framtida
I styret sin årsmelding kjem det fram at styret trur etterspurnaden vil auke framover.

«Særleg for store og meir effektive brønnbåtar med lukka teknologi. Styret ventar at etterspørselen av brønnbåttenester vil fortsetja å auka som følgje av produktivitetsvekst, lengre fraktdistansar, endra bruk av brønnbåtar og regulatoriske endringar», står det i styret sin årsmelding.

Selskapet hadde eit generasjonsskifte i fjor då Robin Haslebakk, sonen til Roger Haslebakk førre administrerande direktør har tatt over sjefrolla.

Flåten bestod av 20 fartøy, og var verdsett til 4,7 milliardar kroner ved slutten av 2021. Sølvtrans hadde ved årsskiftet ein bokført eigenkapitaldel på 16,5 prosent av ein totalbalanse på 7.257 millionar kroner.

«Ronja Azul» blei overlevert frå Aas Mek i mars i år. Foto: Aas Mek. Verksted

2,66 prosent kvinner
Det kjem også fram av årsmeldinga at det er 263 årsverk i Sølvtrans. Alle desse er tilsett i båtane til reiarlaget då det er eit anna selskap som lønnar administrasjonen. Av disse er det bare 2,66 prosent, som er kvinner.

Sølvtrans har i fleire år vore kontrollerte av utanlandske finansielle eigarar.

Sølvtrans Rederi er gjennom fleire selskap eigd av Antin Infrastructure Partners med 82 prosent, gründer Roger Hatlebakks investeringsselskap Ronja Capital II med 15 prosent og styreleiar Anders Hvide sitt Tucan Holding med tre prosent. Eigarane tok ikkje ut utbytte etter 2021.

Det er også bestemt at Sølvtrans og tidlegare Mowi eigde DESS Aquaculture Shipping skal slå seg saman etter at Antin Infrastructure Partners kjøpte Dess Aquaculture Shipping i 2020.

iLaks har prøvd å få kontakt med dagleg leiar, men har ikkje fått kontakt.

Sølvtrans Rederi 2021 2020 Endring
Omsetning 933,1 912,5 2,3 %
EBIT 508,1 511,2 −0,6 %
Resultat før skatt 370,9 320,5 15,7 %
Driftsmargin 54,5 % 56,0 %
Alle tal i millionar kroner