Førre veke stupte Kina-eksporten. No slit Norge med å finne Kina-godkjent laks

Nyheter
1071

Berre 35 tonn laks gjekk frå Norge til Kina i veke 18. Det er ein nedgang på 88 prosent samanlikna med snittet sidan veke 2, som er 300 tonn i veka.

Eksporttala er henta frå Norges Sjømatråd sin vekesstatistikk.

– Me antar at det har med lite slaktevolum og at det det vert slakta ein del i dei fylka (Sør-Trøndelag, Nordland, Troms) som ikkje har lov å eksportere til Kina, seier Botholf Stolt-Nielsen, administrerandre direktør i Ocean Supreme, til iLaks.

Botholf Stolt-Nielsen. FOTO: Ocean Supreme.

Overraska fiskeriutsending
Det er ikkje berre-berre å få eksportert laks til Kina. Den må vere frå riktig fylke, den må vere PD-fri og den må vere ILA-fri. Norges fiskeriutsending i Kina, Sigmund Bjørgo, ser ingen anna grunn enn at det er dei strenge krava som gjer at Kina-eksporten stupte førre veke.

– Eg såg tala og vart ganske overraska sjølv. Dette viser kor krevjande det er for norske eksporterørar å få tak i norsk laks som er godkjent for Kina, seier han til iLaks.

– Eg ser ingen anna grunn. Det er ingen signal som me er kjent med om at marknadsadgangen er endra. Det er iallfall ikkje etterspurnadsdrive, seier han vidare.

Uroa
Botholf Stolt-Nielsen deler oppfatninga, men har manglande forståing for suspensjonen på dei tre nordlege fylka.

– På Vestlandet er det ein del PD-lokaltetar. Fisken skal òg vere stor, gjerne 6-8 kilo. No det utfordrande å finne lokalitetar som er eigna for Kina, seier han.

– Uroar det dykk?

– Det vil svinge, men avgrensningane som er på Kina er uroande. Spesielt med tanke på dei tre fylka. Begrunninga er jo at litt vanskeleg å forstå. Forhåpentlegvis endrar det seg etter kvart.

Sigmund Bjørgo er fiskeriutsending i Kina. Foto: Sjømatrådet

Vil opp til 1000 tonn
Bjørgo meiner òg at normalen for 2018 er altfor lågt.

– 200-300 tonn, som me har lege på tidlegare, er òg lite. Me skal opp til om lag 800-1000 tonn ved full normalisering, seier han.

Trur på 50 prosent marknadsandel
Stolt-Nielsen meiner òg ein har mykje å gå på, men tør ikkje håpe på ein marknadsadgang på meir enn 50 prosent.

– Er 1000 tonn i veka realistisk?

– Nei, det trur eg ikkje. Det er konkurranse frå andre land òg. Mellom anna eksporterer Chile ein god del fersk laks til dei. Skottland, Færøyane, Tazmania og Canada er òg med.

– Det er anteke at totalmarknaden på fersk laks til Kina nærmar seg 1500 tonn. Då er spørsmålet kor store marknadsandeler me får. Ved normalsituasjon får me kanskje 50 prosent. Det utgjer då 750 tonn i tilfellet, seier han.