– Før krangla bransjen som fillene fauk, men me haldt alltid saman

Nyheter
1045

Marit Solberg takkar av i Marine Harvest etter over 30 år i verdas største oppdrettsselskap. Men ho er stadig «fit for fight», seier ho til iLaks.

– Eg tek ti dagar fri med litt sol og varme, så får me sjå kva som gjer.

Onsdag morgon kom Marine Harvest med ei pressemelding om at Solberg gir seg i Marine Harvest. Overfor iLaks presiserer ho at det er frå selskapet ho pensjonerer seg, men at ho ikkje nødvendigvis vert pensjonist.

– Ikkje noko dramatikk
– Kva eg skal gjere framover har eg ikkje planlagt enno. Eg får god tid etter 1. november. No skal eg gjere jobben min fram til då. Eg er veldig glad i næringa og laks, men det hadde vore veldig spanande å tenkje heilt nytt. Noko som har med realfag, klima og betydning for havet å gjera, seier Solberg.

– Det er ikkje noko dramatisk i at eg sluttar. Dette har vore planlagt i lengre tid. Eg gjer det for å trappe ned, og er «fit for fight» – sjølv om eg sluttar i selskapet, legg ho til.

No ser ho fram til å minske arbeidsmengda, og få meir fleksibilitet i kvardagen.

Solberg starta i selskapet (den gang MOWI) i august 1985, og har sidan hatt ei rekkje leiarstillingar.

Nøyaktig 30 år etter at ho starta, i 2015, vart Solberg heidra med diplom og medalje for lang og tru teneste, tildelt av Det Kongelige Selskap for Norges Vel.

Saka held fram under biletet.

Marit Solberg. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Tøffe tider og oppturar
Før ho vart administrerande direktør i Marine Harvest Norge i 2002 var ho både produksjonssjef og regiondirektør. Sidan har ho vore konserndirektør for oppdrett i Marine Harvest, og no sist som driftsdirektør for Marine Harvest sine operasjonar i Canada, Skottland, Irland og Færøyane.

– Det vert sikkert heilt flott å slutte i Marine Harvest. Eg har hatt det fantastisk. No har eg jobba so lenge med laks, Marine Harvest og alle andre selskap. Det har vore eit eit privilegium.

– Det har vore utruleg kjekt. Det har vore både tøffe tider med periodar kor me har tapt pengar, og store oppturar – men først og fremst har det vore fantastisk kjekt, seier ho.

Å kombinere biologi og økonomi
Solberg peiker på spesielt to ting som har vore spanande med dei ulike jobbane ho har hatt.

– Det å ha jobba med folk ute på anlegg har vore det aller kjekkaste og gjort. Det har vore gøy uansett om me har tapt eller tent pengar, seier ho, og legg til:

– Å ha fått lov til å kombinere biologi og økonomi, slik at ein kan få til noko som vert bra både for folk, inntening og fisken. Den er jo den kombinasjonen som driv bransjen. Det har vore fantastisk gøy, konstaterer 61-åringen.

– Eg kjem til å sakne folka, men me kan jo ha kontakt innimellom. Eg har hjarta mitt i Marine Harvest, seier Solberg.

Saka held fram under biletet.

Marit Solberg. FOTO: Ole Alexander Saue.

Store forandringar
Solberg kom sjølv inn medan oppdrettsnæringa var på veg til å profesjonaliserast. Medan ein for 30 år sidan hadde langt fleire enkeltselskap og mindre oppdrettarar, har fusjonar og oppkjøpt gitt færre aktørar, men likevel langt større produksjon.

Næringa har vorte kritisert og debattert gjennom alle tiår. Den har vorte meir regulert, og det vert stilt stadig større krav til aktørane. Solberg har vore gjennom det meste, og er tydeleg på kva som står igjen som dei største skilnadane mellom fortid og notid.

På godt og vondt
– Største endringane frå første halvdelen av tida er at me plutseleg vart synleg som bransje. Først var me usynlege – og kanskje litt uglesett – men dei siste ti åra har me dagleg vore å lese om i finanspressa, og bransjen er vorte kjent i Oslo. Alle veit om bransjen og selskapa. Slik var det ikkje før, seier ho, og legg til:

– Det er ei endring på godt og vondt.

Solberg utdjuper:

– Det gode med det er at det har vore kapital til å gå vidare. Det negative er at kvar minste småting me slit me skapar store overskrifter.

– Og så var det kanskje endå betre samhald før. Alle jobba saman før. Me krangla som fillene fauk, men me haldt saman til det beste for bransjen. Det er litt annleis no.