For eitt år sidan kom SalMars første el-båt. Det har ikkje gått problemfritt

2676

I februar i fjor vart «Elfrida» sjøsett. Eskil Bekken i SalMar fortel om små «hiccups» undervegs.

– Det har eigentleg vore eit par småutfordringar. Det er eit pilotprosjekt, og no fungerer den som tiltenkt, seier Eskil Bekken.

Han er tidlegare teknisk sjef og ansvarleg for «Elfrida»-prosjektet i SalMar, men har no gått inn i ny stilling. Jørgen Holmen erstatta Bekken i hans førre stilling.

Båten vart utvikla av Siemens i Trondheim og Ørnli Slipp.

Som ein mobiltelefon med «alt mogleg rart» på
Bekken utdjupar overfor iLaks at båten vart bygd for komplisert for oppdrettsnæringa, og at det har vore uvisse rundt kva det er behov for i ein slik båt.

– Det har vore litt med at ting vert gjort for komplekst og komplisert i forhold til det næringa har behov for, seier han, og samanliknar det med mobiltelefonen.

– Det er som ein har ein ny mobiltelefon med alt mogleg rart på, medan du berre nyttar litt av det. Ein kan ta vekk ein del ting som ein ikkje har bruk for, seier han.

Godt arbeidsmiljø på båten
Han presiserer likevel at den stillegåande båten vert sett pris på av mannskapen om bord.

– Båten er godt motteke av brukarane, sjølv om det har vore små «hiccups», seier Bekken.

Noverande teknisk sjef, Holmen, supplerer:

– Det er fantastisk å vere mannskap om bord når ein slepp eksos- og motordur. Arbeidsmiljøet vert betre.

Diesel under planleggjing
Ein har likevel ikkje komen der at SalMar har starta omleggjinga til el-båtar. Framleis må det litt prøving og feiling til for å koma i hamn på teknologi- og prissida.

– Dei framtidige under planleggjing er dieselbåtar. Det må bli slik før me veit at «Elfrida» held mål. Det er dumt å bruke mykje pengar på den om me ikkje får kontroll på komponentane. Det er jo den første oppdrettsbåten som er bygd slik, seier han.

– No må me finna riktige løysingar som overvinn utfordringane som kjem. Fram til me gjer det må me verta trygg på at den fungerer til vårt bruk. Me nærmar oss, seier Holmen.

– Prisen på komponentane må ned. Jo meir det vert masseprodusert, jo billigare vert det. Betre batteriteknologi enn på «Elfrida» må òg til – og det trur eg er ein realitet allereie no.