– Ferskvannsbehandling tek for lang tid

Nyheter
846

SinkabergHansen held seg til spylesystem.

Finn Sinkaberg, dagleg leiar i SinkabergHansen, førebur seg på ein haust med høgare lusepress enn i fjor.

Tidvis gloheit sommar dreg opp sjøtemperaturane, og følgjeleg vert det meir lus. Dramatisk er det likevel ikkje, skal me tru trøndelagsoppdrettaren.

Slakta ut halv årgang i 2017
– Det har vore normalt, og eigentleg ganske bra fram til no. Men me reknar me med at det dreg seg til framover, seier Sinkaberg til iLaks.

– I år er det meir lus enn i fjor, legg han til.

I 2017 hadde dei likevel langt mindre fisk i sjøen på denne tida. Ei PD-utslakting fekk fatale konsekvensar, og driftsresultatet vart meir enn halvert frå 197 millionar kroner til 88,8 millionar kroner.

– Me fekk PD og slakta ut ein halv årgang. Så i fjor var det litt spesielt, med lite fisk i sjøen, seier Sinkaberg.

– Vanskeleg å få lusa heilt bort
For å halda seg under lusegrensa, behandlar SinkabergHansen med spylesystem, og held seg unna både medikament og andre verktøy som termisk behandling eller ferskvatn i brønnbåt.

– Det tek veldig lang tid å avluse med ferskvatn. Den metoden er verken enkel eller særleg bra å bruke. Det tek fleire dagar å avluse, så det er ikkje ei veldig god løysing, seier han vidare.

– Me må bli betre på brakklegging og sonestruktur og så vidare. Når lusa først kjem, så er det vanskeleg å få den heilt bort, seier han.

– Må løyse problemet med måten me produserer på
Frå tidlegare er det kjent at SinkabergHansen utvider smoltkapasiteten sitt på setjefiskanlegget til dotterselskapet Bindalsmolt. Det er det viktigaste grepet dei gjer for å gardere seg mot lusa.

– Me er nøydd til å løyse problemet med måten me produserer på. Fisken må ha kortare tid i sjøen, seier han.