Fekk 18 millionar av EU til utvikling av lukka merd, men Fiskeridirektoratet seier nei

Nyheter
1879

Gjennom EU-programmet «Horisont 2020» fekk Aquafarm 18 millionar kroner til å utvikle den semi-lukka postsmolt-merden til matfisk-anlegg.

Det har likevel oppstått eitt problem: Førre fredag tikka det inn ein e-post til dagleg leiar Atle Presthaug. E-posten var signert Fiskeridirektoratet. Dei hadde fått avslag på alle seks utviklingsløyva.

– Det var heilt forferdeleg. Det kan få negative konsekvensar for EU-prosjektet vårt. No manglar me den siste arenaen for å få realisert det. Me gir ikkje opp, me har berre vore nede og snudd, så no er me på veg opp igjen, seier Presthaug. Den siste veka har nemlig vert nytta til å klage på vedtaket.

– Fantastiske resultat
Frå vedtaket vart sendt ut har dei 21 dagar på å klage. – Dei var så kjekke at dei sendte ut vedtaket fredag kveld, seier Presthaug.

Det er alt fire år sidan Marine Harvest fylte den første semi-lukka Aquafarm-merden med fisk. To år seinare sette dei ut den andre merden, i samarbeid med Marine Harvest. Verksemda, som lenge heldt til i Haugesund, var tidleg ute, og har komen langt i utviklinga av lukka merd.

– Det er ingen som har komen så langt som oss, men me har mykje utvikling framfor oss, seier han sjølv.

– Me har hatt fantastiske resultat. I fjor sette me ut 200.000 fisk i anlegget, og i mai var den 1,2 kilo. Då sette me den ut i open merd, og no er den slakteklar på fire-fem kilo. Per i dag har den ikkje hatt lusebehandling, seier Presthaug.

Lukka merd frå Aquafarm Equipment. Arkivfoto.

Vidareutvikle
No vil dei konsentrere seg om å dokumentere resultata, og så vidareutvikle det frå postsmolt til matfisk.

Den største skilnaden er at det nye anlegget ligg inne i ei ramme med alt utstyret med seg. På den første ligg omtrent alt utstyret på land, med gangveg ut til anlegget. I tillegg er det mykje utvikling knyt til fiskehelse og operasjonelle forbetringar.

– No skal me vidareutvikle det frå postsmolt, på opp til eitt kilo, til matfisk, på fem kilo pluss, seier han.

– Det er eit produkt som vart lagd etter me fekk EU-midlar. Det er ein del av vidareutviklinga i verksemda, seier han.

EU-pengar
På sjølvaste 17. mai i år fekk dei gladmeldinga. Frå Horisont 2020-programmet til EU fekk dei tildelt 18 millionar kroner, fordelt på to utbetalingar, for utvikling av merden. Den første summen kom på konto i august.

«Haugesundsbedriften Aquafarm Equipment AS har utviklet en enkel og bærekraftig løsning for oppdrett og produksjon av fisk. Støtten på 18 millioner kroner fra EU vil ifølge prosjektleder Arne Henry Nilsen gjøre det mulig for bedriften å fortsette den nødvendige testingen av et lukket anlegg samt etablering av en organisasjon for å kommersialisere teknologien. På sikt vil dette ha et stort eksportpotensial for Norge ettersom teknologien blir utviklet her hjemme og vil bli solgt over hele verden», heiter det på sidene til Innovasjon Norge, som forvalter prosjektet på norsk jord.

Ikkje innovativt nok
Det er over eitt år sidan dei søkte seks seks utviklingskonsesjonar for utvikling av matfiskanlegget. Så kom beskjeden førre fredag.

«Etter en vurdering av søknaden har Fiskeridirektoratet kommet til at det omsøkte prosjektet ikke oppfyller vilkåret om «betydelig innovasjon».

AVSLAG: Atle Presthaug vart skuffa då avslaget tikka inn i mailboksen hans. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Me trudde ikkje søknaden var plankekøyring, men me trudde at når dei gir konsesjonar til andre, som òg driv med lukka merd, at me iallfall skulle få konsesjonar. Me vart veldig skuffa, seier han.

– Me mister ein arena kor me kan vise at dette ikkje berre er for postsmolt, men òg for matfisk, med same miljøstandard.

– Vanskelig å forstå
Presthaug meiner Fiskeridirektoratet ikkje tek seg god nok tid med kvar søknad.

– Dei har behandla og behandla og behandla, og når dei kjem til oss, så har dei ikkje tid til å behandla det skikkeleg. Me har ikkje fått lov til å kome inn til dei og ha ein diskusjon med dei. Det burde me fått lov til i ei så viktig sak. Me kunne kanskje hatt dei med på merden for å vise dei kva me er nødt til å utvikle for at dette skal bli 110 prosent. Den mogelegheita har me ikkje fått, og det tykkjer eg er for svakt, seier Presthaug.

– Det nyttar ikkje at Erna Solberg snakkar om gründerar, jobb, og utvikling, når dei ikkje forstår at me har behov for ein arena for å teste systemet etter at dei har putta så mykje pengar i oss. Det er vanskelig å forstå, seier han.

– Men me har sett juristar på saka for å anke. Det er jo uvanleg at ein i 2013 får 17 millionar i tilskot frå Innovasjon Norge for forsknings- og utviklingsprosjektet saman med Marine Harvest, og så viser ein til gode resultat, bruker mykje tid, krefter, og pengar, på utvikling, får 18 millionar av EU, og så får ein avslag på alle seks, legg han til.