Får 9 mill. kroner for å identifisere enkeltfisk

Nyheter
1572

Trondheimsbaserte Sealab er blant selskapa som har blitt tildelt forskningsmidlar. Totalt får dei 9 millionar kroner av regjeringa.

I samarbeid med NTNU (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet), SINTEF Ocean, Marin Aqua, Marine Design og Safepath er dei i gang med å utvikle ein teknologi som ved hjelp av kamera skal identifisere laks på individnivå.

– Det er eit ambisiøst prosjekt med stort potensial. Ein kan telle kor mange laks det er i merden, registrere sjukdom, trivsel, korleis laksen sym, kvar laksen oppheld seg i merden og kvifor den står på dei ulike dybdane. Det vil bidra til å optimalisere fôring og gi best mogleg helse på laksen ved at ein kontrollerer og overvåker. Dette treng tung datakraft, seier Milan Marković i Sealab til iLaks.

Samarbeid med Marine Harvest
Han er bombesikker på at identifisering av enkeltlaks har ein plass i bransjen. Driftig og teknologifiksert har Sealab i ei årrekkje drive innovasjon i oppdrettsbransjen – i tett dialog med store aktørar.

– Marine Harvest har i to år vore pilotkunde i fleire prosjekt. Me nyttar mykje tid saman med kunden. Me er veldig marknadsstyrt, og driv med marknadsdriven innovasjon. Me finn ikkje på ting noko ingen vil ha.

– Dei ynskjer betre fiskehelse; dei skal tene pengar og ha ein meir forutseieleg produksjon, seier han.

– Betre monitorering vert viktig
Han meiner betre kontroll av merdane vil føre til auka fiskevelferd, lågare miljøavtrykk og sikrare inntening for kunden.

– Me trur at teknologi i næringa er med på å løyse utfordringane me har og og som kjem. Betre monitorering av havrommet vert viktig. Dette er komplekst og det er mykje areal med mange parameter som skal målast dersom ein skal ha ein god oversikt. Det er ikkje berre som å gå inn i fjøset, om ein driv jordbruk, og ha personleg kontakt med dyra og ein fast veterinær som kontrollerer. Her har me millionar av fisk i havet, seier han.