Færøyingane vil utfordre AKVA group og Steinsvik: – No skal me inn i den norske marknaden

Nyheter
1738

JT electric leverer fôringssystem til oppdrettarane på Færøyane. – Eg trur norske kundar vert glad for å få meir konkurranse i marknaden, seier dagleg leiar Suni E. Justinussen.

Færøyingen tek imot iLaks i selskapet sine hovudkontor i Kambsdal på Færøyane. Her ligg òg fabrikken, og dei er 32 tilsette i selskapet.

– Dei er våre største konkurrentar
JT electric er ein komplett leverandør av teknologi til oppdrettsnæringa, med fôringssystem som fokusområde.

– No skal me inn i den norske marknaden. Me har hatt kontakt med kundar der nede, men no skal ting realiserast, seier Justinussen til iLaks.

– AKVA group og Steinsvik er våre største konkurrentar når me går inn i den norske marknaden, legg han til.

Vanskelegare som utlending i Norge
Han er klar på at det ikkje vert enkelt å gå inn i ein marknad kor to aktørar er dominerande. Ekstra utfordrande vert det å koma inn som utlending, trur Justinussen.

– Det vert ikkje berre-berre. Eg er 100 prosent sikker på at det er vanskelegare å overbevise som færøying, enn om me var norske, seier han til iLaks.

Suni E. Justinussen på fabrikken til JT electric i Kambsdal på Færøyane. FOTO: Ole Alexander Saue.

Tapte pengar i 2017
Selskapet tilbyr i dag utstyr til både fiskeri og havbruk. Både lys, kablar, kamera, sensorar, fôringssystem og it-løysningar står på produktlista.

Det har likevel ikkje berre gått på skjener for selskapet, som leverer utstyr til alle oppdrettarane på Færøyane: Luna, Marine Harvest og Bakkafrost.

– Me tapte om lag fem millionar kroner i fjor. Me brukte mykje pengar på produktutvikling, og så var det eit par prosjekt som ikkje gjekk etter planen, seier han.

– Prisane går opp og ned
Men med solide eigarar i ryggen – det Færøyane-registrerte holdingselskapet Tjaldur – har dei sterke bein å stå på.

Justinussen vart tilsett som dagleg leiar for eit drygt år sidan, og har sjølv røynsle frå oljenæringa.

– Eg veit korleis det er med at prisane går opp og ned. Produkt vert dyrare og dyrare, marknaden punkterer, og så stoppar det opp. Sjølv om det er mykje pengar i oppdrett no, er me òg nøydd til å tenkje på prisen, seier han.

JT electric sitt hovudkontor i Kambsdal på Færøyane. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Glade for konkurranse
Justinussen er sikker på at Norge har godt av konkurranse.

– Me har mykje å bidra med i den norske marknaden, seier han, og legg til:

– Eg trur kundane vert glad for å få meir konkurranse i marknaden. Det er ikkje so langt frå Færøyane til Norge, men likevel så er me nøydd til å etablere oss med eit service-senter der, og få oss norske samarbeidspartnarar.