Færøyingane slår seg på brystet: – Det er langt meir marine ingrediensar i vårt fôr

Nyheter
1477

Havsbrún-sjef Odd Eliasen meiner dei har store fortrinn på Færøyane.

– Det som er unikt med denne fabrikken er at den ligg vegg-i-vegg med ein olje- og mjølfabrikk, seier Eliasen til iLaks.

Fiskemjøl på Havbrún sin fabrikk i Fuglafjørður på Færøyane. FOTO: Ole Alexander Saue.

Lokale råvarer
Ifølgje Havsbrún består nesten 50 prosent av fiskefôret deira av mjøl og olje som er produsert lokalt på deira eigen fabrikk.

– Fordelen er at me ligg i eit lite øysamfunn ute i havet med relativt stort sjøareal. Då har me tilgang til ein del fisk. Kolmule finn me nesten 12 månadar i året. I tillegg har me sild og makrell, seier Eliasen.

– Fôrfaktor på rundt 1,15
God tilgang til marine varer gjer fôret godt, ifølgje Eliasen. Det merkast både på fiskens trivsel og smak, seier han.

– Det er langt meir marine ingrediensar i vårt fôr. Det gjer me bevisst, fordi me trur at det har ein stor betydning for fiskens trivsel, konsistens, smak, og omega 3-nivå – og slik har me differensiert oss frå norsk laks. Du kan smake skilnaden. Den er temmeleg stor, seier han.

– Dei siste åra har Færøyane hatt mange gode nøkkeltal, med låg fôrfaktor, låg dødelegheit, god fiskevelferd og stor fisk. Me har knapt melanin her, men det er ein stor utfordring i Norge. Me trur det skuldast fôret. Me trur at Færøyane er eit godt område å oppdrette laks på.

Ifølgje Kontali Analyse går det 1,1 kilo fôr til ein kilo laks på Færøyane, mot 1,3 i Norge.

– Lågare fotavtrykk
Eliasen legg til at dei knapt har melanin-problem på Færøyane, og at det er på grunn av fôret.

Havsbrún-fabrikken i Fuglafjørður. FOTO: Ole Alexander Saue.

– I staden for å frakte store mengder soya frå Brasil, kveite frå Ukraina, eller kveitegluten frå Kina, får me store delar av råvarene frå færøysk område med veldig kort segltid frå fiskeområdet til fabrikken. Me treng ikkje transportere råvarene frå den andre sida av verda. Det gir oss i tillegg eit relativt lågt fotavtrykk, sidan me nyttar råvarene som ligg like utanfor døra vår.

Berekraftig?
Men er det eit reelt problem med overfangst?

– Det aller viktigaste er at me forvaltar fiskebestanden godt. Me må sikre ein berekraftig fangst, om ikkje får me ei stor utfordring. Det kan bli eit kjempeproblem, seier Eliasen.

– Det er utruleg viktig for oss at me følgjer forslaga om kor mykje me kan fange og ikkje, legg han til.