– EU er vinnaren i kampen om laksen så langt i år

510

Spesielt Italia aukar importen av norsk laks.

– Det har vore ei sterk utvikling i Italia heilt sidan 2010. Årsaka er primært eit sug etter laks i marknaden, seier fiskeriutsending i Italia, Trym Eidem Gundersen, til iLaks.

Sushi-trend
Som sjette største eksportmarknad for norsk laks so langt i 2018, har Italia auka eksporten sin heile 24 prosent, frå 11.602 tonn til 14.418 tonn, ifølgje Norges sjømatråd sin vekesstatistikk.

– Det er ein veldig sterk sushi-trend. Det er eg overbevist om har ein effekt, seier Gundersen vidare.

Trym Eidem Gundersen.

Svak marknad i Asia
Måndag ettermiddag skreiv iLaks om eit stup i Vietnam-eksporten, medan Kina stadig tek inn meir norsk laks.

Sjømatanalytikar i Norges sjømatråd, Paul T.  tAandahl, seier til iLaks at valutakursen forklarar den store oppgangen i Europa.

– Me ser generelt ein svak marknad i Asia samanlikna med Europa i år. Det skuldast at euroen er veldig sterk samanlikna med dollar. Det er ein viktig faktor om me ser overordna på det. EU er vinnaren i kampen om laksen så langt i år, seier Aandahl.

Store marknader som Frankrike og Storbritannia går òg opp, høvesvis 13 og 13,5 prosent.

Ueinige
Gundersen og Aandahl er ikkje heilt samd når dei forklarar årsaken til den drastiske eksportoppgangen til Italia.

– Mykje av den raske endringa skuldast ei teknisk sak; laksen vert registrert i Italia i staden for i ein «hub»-marknad. No går meir laks direkte til Italia, seier Aandahl.

Sushi.

– Eg er usikker på akkurat dét. Eg ser for meg at det er fordi forbruket går opp, seier fiskeriutsending Gundersen.

Høg laksepris kan stogge auken
Ifølgje same vekesstatistikk ser ein at prisen på norsk laks er langt høgare enn på same tidspunkt i fjor. Snittprisen pr. kilo i veke 14 var på 71,51 kroner, mot 62,77 kr i fjor.

Det skapar uro i marknaden.

– Veksten til Spania bremsar opp. Det var ein sterk månad i mars i fjor, så me har ein liten nedgang i mars i år. Konsumet i Spania – veksttrenden – stoggar, litt på grunn av auken i lakseprisen, seier Aandahl.

Gundersen er spent på kva dette vil gjere med eksporten til Italia.

– Det vert spanande å sjå kva som skjer om prisane held seg så høgt oppe. Kva skjer med konsumet? Prisen inntil for ein månad sidan har vore lågare enn den var i fjor. Det har hatt litt å seie for utviklinga til no, seier han.