Erviks Laks og Ørret med 45 prosent driftsmargin

Nyheter
806

Kanonår for Frøya-oppdrettaren.

Erviks Laks og Ørret betra driftsmarginen sin betydeleg frå 29,1 prosent i 2016 til fjorårets 45,3 prosent.

Driftsresultatet på 81,1 millionar kroner i pluss er beste noko sinne for selskapet. Det gav rom for 27,8 millionar kroner i utbytte.

Til trass for ILA-problem i 2016, fullførte oppdrettsselskapet året med eit godt resultat. Dagleg leiar Synnøve Grinnen Ervik uttalte til iLaks at ho var nøgd med 2016-resultatet.

Det har ikkje lukkast iLaks å få kontakt med dagleg leiar i selskapet for ein kommentar til resultatet.

Selskapet driv i lokalitetar i Frøya kommune og har hovudkontor på Dyrvik. Dei har totalt 3,7 konsesjonar.