– Erfaringane med «Aqua Merdø» er svært gode

Nyheter
1175

Bløggebåten som vart overlevert Marine Harvest i slutten av mai går i Marine Harvest sin Region Sør.

Dei vert stadig meir populære, bløggebåtane som slaktar fisken på merdkanten før den vert transportert inn til land. DESS Aquaculture Shipping (joint-venture mellom Marine Harvest og Solstad Farstad) sin «Aqua Merdø» går no på ein tiårskontrakt med Marine Harvest.

– Etter ein innkjøringsperiode og små endringar i oppsettet, fungerer båten no godt, seier kommunikasjonssjef i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland, til iLaks.

Ola Helge Hjetland. FOTO: Marine Harvest

– Erfaringane med «Aqua Merdø» er svært gode, seier Hjetland.

– Ikkje unormalt høge lusenivå
Fleire oppdrettarar har slitt med ein travel lusehaust i 2018, og spesielt i nord har problematikken vore meir aktuell enn føregåande år. Salaks i Sør-Troms måtte slakte ut fisk i september.

– Utfører båten forsert slakt av luseplaga fisk? Kom båten på eit godt tidspunkt i so måte?

– Lusenivåa i Region Sør er er ikkje unormalt høge, og me har god kontroll på situasjonen. Det gjer at me kan bruke «Aqua Merdø» til ordinær slakting, seier Hjetland.

Ombygd fabrikk
Selskapet opplyser at båten vil gå i Marine Harvest sin Region Sør, frå Flekkefjord til Hordaland.

– Fabrikken vår på Hjelmeland vart tidlegare i år bygd om for å kun ta imot fisk frå bløggebåt. Ved normal drift leverer «Aqua Merdø» og «Tauranga» no fisk til fabrikken annankvar dag, seier Hjetland.

Oppdrettsgiganten var lenge åleine med å nytte bløggebåtar, men no har fleire meld seg på. I fjor bygde Firda Seafood om ein gamal brønnbåt til bløggebåt og gav den nytt navn, «Firda Savior».

Fleire bløggebåtar
Napier, som eig «Tauranga», er i ferd med å utvide flåten sin med dei to bløggebåtane «Taupo» og «Taipiri». Førstnemnte skal gå for SalMar, medan den siste står utan kontrakt.

– Det er veldig stor interesse. Det vert meir og meir utfordringar i sjøen. Det aukar på, og på Vestlandet har me mykje biologiske utfordringar med PD og lusebehandlingar. Så her krevjar det ein sterk fisk for å stå gjennom det. Det er utfordringar ved å frakte den levande til slakteri, så med mange PD-soner og ILA fleire plasser er dette bra greier, sa dagleg leiar i Napier, Kjetil Tufteland, til iLaks.