Engesund etablerer lukka anlegg i Masfjorden

Nyheter
1421

Engesund Fiskeoppdrett vart kasta ut av indre Masfjorden som følgje av oksygennivået i fjorden. I haust kjem dei tilbake med lukka betonganlegg på lokaliteten Ådnekvamme.

– Me har hatt planar om det i fleire år, seier dagleg leiar i selskapet, Svein Eivind Gilje, til iLaks.

Svein Eivind Gilje i Engesund Fiskeoppdrett. FOTO: Ole Alexander Saue

Det var Erko Seafood, Havforskningsinstituttet og Engesund Fiskeoppdrett som måtte avvikle, eller redusere, produksjonen i Masfjorden, etter vedtak frå Fylkesmannen i Hordaland.

Uvisse for Erko
– Me hadde éin lokalitet, og éin MTB, som var innanfor terskelen. Me hadde uansett tenkt til å fase den ut for tradisjonelle anlegg og etablere det lukka anlegget der i staden, seier Gilje.

Erko Seafood avviste alt ansvar for det låge oksygennivået, men fekk klaga avvist. Dagleg leiar i selskapet, Leif Rune Pedersen, seier til iLaks at dei er for tidleg å seie kva som skjer vidare. Dei fekk driva anlegget fram til utslakt i mai i år.

Utsett i haust
Engesund Fiskeoppdrett, derimot, flyttar i haust tilbake til fjorden med eigenutvikla lukka betonganlegg.

Det lukka betonganlegget er utvikla av Engesund Fiskeoppdrett. FOTO: Engesund Fiskeoppdrett.

– Anlegget er ein pilot, og det er det første av sitt slag. Etter planen skal det setjast ut fisk i september. Det skjer altså på den lokaliteten der Fylkesmannen var bekymra for oksygennivået i botnvatnet. Det viser at ein kan nytte slike lokalitetar til semi-lukka anlegg, seier Gilje.

Engesund har òg søkt på utviklingsløyver der ein tek konseptet opp i fullskala storleik og med oppsamling av slam.

Smolten som skal setjast ut er 100-200 gram ved utsett, før den skal flyttast ut i ope anlegg når den er 400 gram. Ådnekvamme vil då fungere som ein påvekstlokalitet, med redusert risiko for rømming og lusepåslag.

– Me må byrja ein stad
– Får me dette til med god tilvekst, vert det ei relativt kort produksjonstid i open fase og me ventar at det vil vise igjen på behovet for behandling mot lus, seier Gilje.

– Alle lukka anlegg er nyutvikla, så dette er første steg. Me må byrja ein plass. Det er så mange nye parameter å ta høgde for. Det har vore ein del uhell i lukka anlegg, så me må byrja ein stad slik at me ikkje går på nokre smellar, seier Gilje.

Betonganlegget er utvikla «in-house», i lag med Backer Bergen (no Bergen Group, journ. anm.), medan Multiconsult står for prosjektering. Prosjektet er finansiert ved hjelp av Innovasjon Norge og EIF (European Investment Fund).