Eksporterer 14 prosent meir heil fisk til USA. – Byrjar å få fotfeste, seier Sjømatrådet

Nyheter
558

Fleire prosesseringsanlegg aukar den amerikanske etterspurnaden for heil fisk.

Norges sjømatråd sin statistikk for veke 27 (2-8 juli) er det eit tydeleg trekk at USA importerer meir heil fisk enn tidlegare. Ikkje berre seglar dei forbi Japan, men dei nærar seg òg Sverige i import av fersk norsk laks.

– Me har hatt ei positiv utvikling i den amerikanske marknaden om me ser i det store biletet, seier Norges sjømatråd sin fiskeriutsending i USA, Egil Ove Sundheim, til iLaks.

Egil Ove Sundheim. FOTO: Norges sjømatråd.

Meir fleksibilitet for amerikanarane
Sundheim har base i Boston, og følgjer marknaden tettare enn nokon andre. Han registrerer at det vert investert tungt i prosesseringsanlegg, og at foredling i større grad vil skje lokalt og regionalt «over dammen».

– Det er ikkje tvil om at det har vorte investert i bearbeidingsanlegg i USA i det siste. Det gjer at ein treng meir heil fisk. Det er blant dei meir sentrale trekka. Prosessering lokalt gir dei større fleksibilitet, seier han vidare.

– Fersk heil laks har auka eksporten til USA. Det er eit utviklingstrekk me ser. Fileten var det som satte fart på den amerikanske marknaden, og no ser me, både i fjor og i år, at heilfisken byrjar å få litt meir fotfeste i USA, seier Sundheim.

Vekstpotensial
Hittil i fjor var det eksporter 9.279 tonn fersk laks til USA. I år er talet 10.762 tonn. Førre veke gjekk det 439 tonn, mot 163 tonn same veke i fjor.

USA er no den 12. største marknaden for fersk laks. Når det gjeld fileteksport har USA lenge vore den dominerande marknaden.

Sundheim meiner likevel det ligg eit betydeleg potensial i USA som sjømatkonsument.

– Gitt det låge konsumet av sjømat, er det potensial for betydeleg vekst. Her er det moglegheiter for å utvide produktspekteret. USA er ein diversifisert laksemarknad, seier han.

Mytar
Ifølgje fiskeriutsendingen verserer det stadig mytar om oppdrettslaks i USA.

– Det er mange mytar om at laksen vert oppdretta i landbaserte anlegg i bakgården til bønder. Det biletet heng mykje igjen. Det er stort potensial i å vise kva akvakultur i Norge i dag er i den amerikanske marknaden, seier han.

– Då er kanskje ikkje ein landbasert betongstruktur den beste illustrasjonen, seier han.

Digresjonen til Sundheim kjem nemlig idet han får spørsmål om dei ulike planane om landbaserte matfiskanlegg i USA.

Store planar
Atlantic Sapphire og Nordic Aquafarms er to dømer på nordmenn som ynskjer å satse på lanbasert i USA. I spissen står høvesvis Johan Andreassen og Erik Heim.

Når heile anlegget til Andreassen står klart, vil det kunne produsere 90.000 tonn laks per år.

– Alt slik vil sjølvsagt endre marknaden, seier Sundheim.

Mest vil truleg Chile merke det. Det langstrakte landet ved Stillehavet har USA som sin viktigaste eksportmarknad.