Lakseselskapa på North Atlantic Seafood Forum har alle eit stort felles fokus når dei prøver å fremme seg til eventuelle investorer, dette er bærekraft.
Dette er noko som er høgt på agendaen for regjeringa også fortel politisk rådgjevar for klima- og miljøministeren, Maria Vateressian (AP), på konferansen.
– Eg er einig i kva Gretha Tunberg sa om arbeidet med å nå måla at det var for mykje «Blah, blah, blah» og at det er for lite handling, forteller Vateressian.
Næringa prøver å overbevise eventuelle investorar at handlinga er i gang i sine presentasjonar. Første mann ut på den siste dagen av konferansen var Lerøy.
– Bærekraft er litt «fluffy», skjønner våre ansatte kva me meiner når me snakker om bærekraft, fortel Henning Beltestad, konsernsjef for Lerøy.
Han fortel at ein må vise at organisasjonen er bærekraftig, og at dei har ein plan for korleis de skal kutte utslepp fram mot 2030, og 2050 i alle «scopa» for bærekraftsmåla. Dette er utslipp, som er både direkte og indirekte.
– Men, dette er ikkje lett, det er ikkje ein «fluffy» ting for oss. Alle våre ansatte må tenke bærekraft, seier Beltestad.

Ein anna som har bærekraft høgt oppe i fokus er Mowi. Konsernsjef i Mowi, Ivan Vindheim, fortel at det at dei har vert rangert som nummer 1 på bærekraft på Coller FAIRR Protein Index tredje året på rad ikkje kjem av tilfeldigheit, men hardt arbeid frå deira ansatte. Her var det ein total dominans frå lakseoppdrett, som tok topp fire av plassene, som verdas mest bærekraftige proteinprodusenter.
– Laks er å produsere protein med låge utslepp i forhald til andre protein kjelder, fortel Vindheim til iLaks.