– Ein flink politikar dette her, som har skjønt noko. Det er ikkje ofte

Nyheter
1233

Lars Haltbrekken (SV) etterlyser betre utnytting av oppdrettsslam. Han får støtte hos Grønn Gjødsel på Rakkestad.

I eit skriftleg spørsmål til fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp) spør Haltbrekken om kva ministeren vil gjere for betre utnytting av oppdretsslam.

«Forskning viser at det skjer et stort tap av fosfor fra oppdrettsnæringen. Fosforet tapes i form av slam og tapt fôr. Fosfor er en begrenset ikke-fornybar ressurs», skriv Haltbrekken. Han er valt inn på Stortinget som representant frå Sør-Trøndelag og er medlem i Energi- og miljøkomiteen.

Lars Haltbrekken (SV). Foto: Marius Nyheim Kristoffersen.

– Bør leggje til rette
I fleire år allereie har norsk oppdrettsslam vert nytta i produksjon av kunstgjødsel. For eit knapt år sidan annonserte selskapet Grønn Gjødsel at dei ser stort potensial i slam frå fiskeoppdrett. Fagleg rådgjevar i selskapet, Goran Radanovic, er glad politikarar byrjar å sjå på saka.

– Kven var denne politikaren, sa du? Då er det ein flink politiker dette her, som har skjønt noko. Det er ikkje ofte, seier han med eit glimt av humor.

– Eg meiner absolutt at ministeren bør leggje meir til rette for dette, seier han og føyer til at han ska i eit møte med ein representant frå Norsk institutt for bioøkonomi om temaet.

Utfordringar
Svensken fortel at det ikkje er berre-berre å ta i bruk oppdrettsslam til produksjon av hybridgjødsel.

– Frakt er éi utfordring, difor må slammet tørkast for at me kan bruke det. Me ligg i sør, så er langt unna oppdrettarane. I tillegg er det ganske strikte reglar frå Mattilsynet. Slam frå oppdrettsanlegg er reint – med salmonella vert det ikkje fisk – men Mattilsynet ser på det som om det er husdyrgjødsel frå kuer, griser eller høns, seier Radanovic.

– Dei kunne med enkle stikkprøvar ha sikra at det ikkje har salmonella eller andre sjukdommar. Då treng ein ikkje hygienisere det ein gang til. Det må me i dag, før me kan bruke det i landbruk, seier han.

– Me får ikkje bruke fiskeslammet i økologisk gjødselproduksjon. Det forstår eg ikkje, seier han.

Haltbrekken meiner slammet fiskeoppdrett genererer må takast vare på.

«Av hensyn til matsikkerheten til framtidige generasjoner i Norge og internasjonalt trenger vi å ta vare på slammet som husdyrhold og fiskeoppdrett generer. Slammet kan potensielt brukes i jordbruket», skriv han vidare i sitt spørsmål.

Sluttfører sirkelen
Radanovic fortel til iLaks at omtrent alle oppdrettarar han har vore i dialog med er positiv til saka. Han meiner det er vinn-vinn for alle partar.

– Me klarar ikkje å betale for slammet fordi frakta er så dyr, difor har ikkje fiskeoppdrettarane noko forteneste ved å bli kvitt det. Oppsida er at dei kan gå ut og seie at slammet går ut i ein sirkulær økonomi, seier han.

– Ved å ta avfallsstoff frå fiskenæringa og lage gjødsel av det, slik at det vert mat til slutt, sluttfører me sirkelen. Personleg meiner eg at det ikkje finst ein betre måte å gjere det på, seier han.

– Fantastisk at dette skjer
No etterlyser han insentiv frå styresmaktene.

– At staten sa at smoltprodusentane ikkje berre kan spyle vatnet ut i sjøen var startskotet. Om dei kan kome med insentiv og gjere det enklare med reglementet rundt bruken så er det positivt, seier han.

– Så bra at dette skjer. Det er heilt fantastisk. Eg tenkjer ikkje berre på fiskeslam, men ensilasje óg. Eg antek det meste vert eksportert, seier han – nærast overentusiastisk over at Haltbrekken tek opp temaet.