– Eg har avgrensa tru på radikal kjønnskvotering

Nyheter
1533

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er ikkje imponert over kjønnsfordelinga blant toppane i oppdrettsnæringa.

– Det er ingen tvil om at utviklinga går for sakte. Difor inviterer likestillingsminister Linda Hofstad Helleland og eg toppleiarar i norsk næringsliv og frå offentleg sektor til eit stort møte om dette temaet før sommaren. Eg vil òg invitere leiarar frå fiskeri- og oppdrettssektoren til dette møtet, seier Røe Isaksen til iLaks.

– Ikkje overraskande
Som iLaks presenterte i ein artikkel onsdag kveld, er det berre to kvinner i direktørstolen blant dei 20 største oppdrettsselskapa.

Blant dei børsnoterte selskapa kjem Marine Harvest best ut, med 30 prosent kvinner i konsernleiinga. Selskap som Lerøy Seafood og Norway Royal Salmon har ingen.

– Eg har ved flere høver den siste tida uttalt meg om mangelen på kvinner i toppleiinga i norsk næringsliv, og tala frå oppdrettssektoren er diverre ikkje overraskande, seier Røe Isaksen vidare.

Kritisk til kvotering
Men han er ikkje vidare begeistra for å kvotere kvinner inn i bransjen. Frå før er det lovpålagt med minst 40 prosent kvinner i eit styre.

– I utgangspunktet meiner eg at det er selskapa sitt ansvar å rekruttere gode kandidater av begge kjønn når toppleiarstillingane skal bemannast. Eg har avgrensa tru på radikal kvotering som verkemiddel overfor næringslivet, seier han, og legg til:

– Me ser frå nye rapportar at lova om kjønnskvotering til styrer ikkje har bidrege til eit meir likestilt næringsliv, utover å auke andelen kvinnelege styremedlemmar.