– Eg er ikkje trygg på noko. Difor jobbar me med fleire avlusingsmetodar

Nyheter
1094

Men lusa har ikkje blitt temperaturtolerante heilt enno.

– Insekta klarar å tilpasse seg alt mogleg rart, seier Erlend Haugarvoll, dagleg leiar i Lingalaks, til iLaks.

– Svaret er nei, den er ikkje resistent
Dei avluser termisk med OptiLicer. Både den og Thermolicer tek lusa ved å bade fisken i oppvarma vatn. I den årelange kampen mot lusa har det vore eit tilbakevendande problem at parasitten vert resistent mot dei ulike metodane.

Tore Laastad. FOTO: Steinsvik

Fleire har òg vore uroa for om laksen vert resistent mot termisk behandling. Det ser likevel ikkje ut til å vere tilfellet heilt enno.

– Det korte svaret på det er nei, seier Tore Laastad i Steinsvik, som står bak Thermolicer. Han presiserer likevel at dei ikkje får rutinemessige rapportar frå kundar.

– Ikkje vitskapleg bevist
Dagleg leiar i fiskehelseselskapet FoMas, Solveig Nygaard, har heller ikkje oppdaga lus resistent mot varmebehandling.

– Ikkje vitskapleg, men ut frå faktiske erfaringa er den tyngre å få av. Det er likevel ikkje dokumentert vitskapleg, seier ho.

Det synspunktet deler Haugarvoll.

– Den har ikkje blitt resistent enno, seier han.

Solveig Nygaard i Fomas. FOTO: Fomas.

– Hårbleiking er sterkare enn hydrogenperoksid
Han er likevel klar på at lusa er tilpasningsdyktig, og at ein er nøydd til å førebu seg med fleire avlusingsmetodar.

– Eg er ikkje trygg på noko. Difor jobbar me med fleire avlusingsmetodar, seier han.

– I første omgang ynskjer me å bruke ferskvatn, varmtvatn, og mekanisk behandling. Kjemikalie held me oss unna. Hydrogenperoksid har blitt svartelista, men det er jo eit stoff som ikkje har langtidsverknad, då det ikkje samlar seg opp i naturen som andre stoff, seier han.

– Du nyttar jo sterkare konstruksjonar når du bleikar håret ditt. Nokon hevdar at det tek rekene, men det er ingen som har bevist det, legg han til.

Erlend Haugarvoll avluser med Seisund, utstyrt med Optilicer-ar. FOTO: Ole Alexander Saue.

– Me har rullert tidlegare
Han er likevel klar på at metoden ligg i verktøykassa, men at den ikkje har topp prioritet, som følgje av det frynsete ryktet.

Strandebarm-oppdrettaren las torsdagens artikkel på iLaks der biolog Jan Rune Nordhagen i Chemco åtvara mot å bruke same metoden mot lus fleire gongar i same fjord. Haugarvoll er einig i at ein bør byte på metodane, for å unngå resistens.

– Me har rullert tidlegare, men har gjort det for lite i seinare tid. Me må nok byrje å gjera det igjen, seier han.